Semje i kommuneoppgjeret - streik er avverjaLytt til tekstenStopp avspillingMeklinga i kommuneoppgjeret mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane førte fram natt til i dag. Det er dermed oppnådd semje i oppgjeret, og det vert ikkje streik i kommunesektoren. Dette betyr at alle tenester i Kinn kommune går som normalt.Organisasjonen vart førebudd på ein mogleg streik frå og med fredag 29. mai. Natt til fredag vart det oppnådd semje mellom partane som avverja streikeuttak.Nokre hovudpunkt frå oppgjeretReallønsvekst for alle tilsette.Eit særskilt løft for arbeid på kveld, natt og helg.Tiltak for å styrkje kommunesektoren si evne til å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft.Semje om vidare samarbeid mellom partane om framtidsretta arbeidstidsordningar.Dagens arbeidstidsavtale for lærarar vert vidareført, samstundes som partane skal arbeide vidare med utvikling av avtalen fram mot 2027.Vi takkar for arbeidet som vart lagt ned i førebuingane knytt til ein mogleg streik. Publisert 29.05.2026 08.41 Sist endra 29.05.2026 08.48