Søknadsfrist: 1. november 2026, eller til midlane er brukte opp.
Arrangementet må gjennomførast innan: 31. desember 2026.
Dette må de vite før de søkjer
For å få støtte må arrangementet:
- ha eit tydeleg innhald innan kino, kunst eller kultur
- vere ope for alle
- gjennomførast på Florø kulturhus, Nordfjordhallen (Samfunnshallen) eller Måløy kino
- som hovudregel vere gratis
Eit lag og organisasjon kan berre sende inn ein søknad. Ordninga er særleg retta mot arrangement som kan få fleire til å delta i kulturlivet, mellom anna barn og unge, eldre, minoritetar og personar som i dag deltek lite i eksisterande kulturtilbod.
Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar i Kinn kommune kan søkje.Det er totalt 50 000 kroner til fordeling.
Kva kan de få støtte til?
De kan søkje støtte til mellom anna:
- filmvisingar
- konsertar og scenekunst
- føredrag, samtalar og litteraturarrangement
- utstillingar, kunstformidling og kulturverkstader
- andre arrangement med eit tydeleg kino-, kunst- eller kulturinnhald
Støtta kan dekke kostnader som er direkte knytte til arrangementet, til dømes lokale, honorar, teknikk, materiell, transport og marknadsføring.
De kan ikkje få støtte til ordinær drift, investeringar som ikkje er knytte til arrangementet, kommersielle aktivitetar eller vanlege sosiale samlingar utan eit tydeleg kulturinnhald.
Skal arrangementet vere gratis?
Arrangementet skal som hovudregel vere gratis og ope for alle.
I enkelte tilfelle kan kommunen godta ein låg billett- eller deltakarpris. Prisen må ikkje vere til hinder for deltaking. Dersom de ønskjer å ta betalt, må de opplyse om dette i søknaden.
Slik søkjer de
Det skal vere enkelt å søkje. De treng ikkje lage ein omfattande prosjektplan eller eit detaljert budsjett.
I søknaden ber vi om informasjon om:
- kva de ønskjer å gjennomføre
- stad og tidspunkt
- kven de ønskjer å nå
- korleis arrangementet kan bidra til inkludering og deltaking
- kor mykje de søkjer om, og kva pengane skal brukast til
- kor mange deltakarar de ventar
Gå til søknadsskjema for støtte til kino-, kunst- og kulturarrangement
Tidspunktet for arrangementet må avklarast med kulturhuset eller kinoen og tilpassast kapasitet, bemanning og andre praktiske forhold.
Etter arrangementet
De som får støtte, må sende inn ei kort oppsummering av arrangementet seinast 22. januar 2027.
Oppsummeringa skal vise kva som blei gjennomført, talet på deltakarar og kva støtta blei brukt til. De får meir informasjon om rapportering dersom de får støtte.
Om ordninga
Kinn kommune har fått midlar frå Vestland fylkeskommune til prosjektet «Saman på kulturhusa». Målet er å få fleire til å delta i kulturlivet og redusere sosiale og økonomiske barrierar for deltaking.
Søknadene blir vurderte fortløpande. Alle søknader blir vurderte etter dei same kriteria. Dersom det kjem fleire søknader enn det er midlar til, vil vi prioritere arrangement som i størst grad bidreg til inkludering og til å nå grupper som deltek lite i kulturlivet.
Har de spørsmål, kan de kontakte fungerande kulturhusleiar Siri Stavang.
E-post: siri.stavang@kinn.kommune.no
Telefon: 980 31 949