Rune Nordpoll er tilsett som kommuneoverlege i Kinn kommune

Rune Nordpoll er tilsett som kommuneoverlege i Kinn kommune. Nordpoll har vore tilsett som assisterande kommuneoverlege i Kinn sidan april 2025.

Rune Nordpoll har lang og brei erfaring som lege, og er spesialist i psykiatri, allmennmedisin og samfunnsmedisin. Som kommuneoverlege får Nordpoll ei sentral rolle som rådgjevar for kommunedirektør og kommunen sine leiarar, og har ei nøkkelrolle i arbeidet med førebyggjande helsearbeid, smittevern, kriseberedskap og samarbeid på tvers av tenester.

Nordpoll vil óg fortsette som fastlege ved Måløy legekontor, og som sjukeheimslege. Kommuneoverlegen er organisatorisk plassert i stab for strategi og samordning. Vi ønskjer han velkomen og lukke til!