Refvik Camping vert halde open i sommarLytt til tekstenStopp avspillingCampingplassen og sanitæranlegget i Refvik blir halde open som vanleg i sommar. Kommunestyret har løyva midlar til å oppgradere vassforsyning og avløpsanlegget i Refvik.Arbeidet har vore ute på konkurranse og det vil starte opp seinsommaren 2026. Det er vurdert som lite føremålstenleg å sette i gang eit større gravearbeid i høgsesongen, og difor vert det ikkje anleggsstart før etter sesongen er over. Inntil vidare er det gjeve løyve for å nytte dagens sanitæranlegg gjennom høgsesongen 2026. Vi minnar om at det må bestillast plass for campinggjester. Følg med på Facebook-sida til Refvik Camping der det kjem ut meir informasjon om dette om få dager.Vi håpar mange vil nyte den fantastiske Refviksanden i sommar og kryssar fingrane for fint ver! Publisert 09.06.2026 10.59 Sist endra 09.06.2026 10.59