Psykolog tilsett ved Kinn helsestasjon

Kinn helsestasjon har tilsett psykolog som ein del av styrkinga av det tverrfaglege tilbodet til barn, unge og deira føresette. Stillinga er knytt til helsestasjonen sitt fagmiljø og Familiehjelpa i Kinn, og vil bidra med psykologfagleg kompetanse i samarbeid med dei tilsette i tenestene.

Psykologen tek ikkje imot direkte førespurnader frå publikum eller brukarar. Kontakt med helsestasjonen og Familiehjelpa i Kinn skjer som før via dei ordinære kontaktpunkta. Eventuelle vurderingar av behov for psykologkompetanse blir gjort i samarbeid med dei tilsette ved helsestasjonen og Familiehjelpa.

Cathrine Holsen Gardner har lang erfaring innan psykologifaget, blant anna frå Habiliteringsavdelinga ved Førde Sentralsjukehus. Cathrine arbeider per i dag i redusert stilling, med plan om gradvis opptrapping til 100 % stilling.

Vi ønskjer Cathrine Holsen Gardner velkommen til Helsestasjonen og Familiehjelpa i Kinn, og ser fram til eit godt samarbeid og ei styrka teneste til det beste for barn, unge og familiar i kommunen!