Pårørande kan kommunisere digitalt med heimetenesta via Helsenorge

Som brukar eller pårørande kan du kontakte eller kommunisere digitalt med våre heimetenester på Helsenorge. Du kan til dømes sende og ta i mot meldingar, sjå avtalar og få varsel om utførte heimebesøk. Brukarar kan også gi andre tilgang til sine Helsenorge-tenester.

Gi andre tilgang til Helsenorge-tenestene dine

Som brukar av heimetenester kan du gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegner av deg. Du avgjer sjølv kva personar du ønskjer å gi fullmakt til. Personane du gir fullmakt må vere 18 år eller eldre. Det er mogleg å trekke tilbake fullmakta når som helst på Helsenorge.

Du kan lese meir om korleis gå fram via Helsenorge si heimeside.

Sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk

Du kan sjå avtalar du har med helsetenestene i kommunen på Helsenorge, som til dømes besøk frå heimesjukepleie. Logg inn og gå til Timeavtalar for å sjå avtalane.

Du kan også velje å få varsel om nye meldingar frå Helsenorge-appen (pushvarsel), SMS eller e-post. Les meir om varsel frå Helsenorge. 

Varsel og tilgang for pårørande

Du kan få varsel frå Helsenorge-appen, i SMS eller e-post når eit heimebesøk er utført. Dersom du er pårørande til ein som får heimetenester, kan du enkelt halde oversikt over hjelpa vedkomande får heime.

Slik gjer du det:

  1. Både pårørande og den som får heimetenester, må ha logga på Helsenorge og samtykt til bruksvilkåra.
  2. Den pårørande må ha fullmakt på Helsenorge til å representere den som tek imot tenestene. Fullmakta må minst gjelde for tenesteområdet Digitale helsetenester.
  3. Den pårørande må logge inn som seg sjølv og gå inn på sitt eige varseloppsett på Helsenorge. Oppgi at du ønskjer å få varsel om utført besøk. Dette gjer du slik:
    1. Klikk på namnet ditt øvst til høgre i biletet når du er logga inn, og vel Kontaktinformasjon og varseloppsett i menyen profil og innstillingar.
    2. Under Kva type varslingar vil du ha?, vel Alle varsel.
    3. Huk av under Vil du ha same varsel for andre du representerer.

Les meir om profil og innstillingar på Helsenorge.

Har du spørsmål om bruk av den digitale løysinga, ring Veiledning Helsenorge på 23 32 70 00.