Ordføraren opnar KinnLes 2026 – med litt magi!

No er det snart klart for ein ny runde med leseglede i Kinn kommune. Før barna samlast til felles markering i Florø kulturhus 12. februar, slepp vi ein heilt eigen video der ordføraren offisielt opnar KinnLes 2026 – på ein litt uventa måte.

I videoen møter vi ordføraren i høgtideleg modus, klar til å klippe den raude snora. Men denne gongen går det ikkje heilt som planlagt. For når snorer blir klipte heile tida, kan det vere freistande å prøve noko nytt.

Sjå videoen her:

Kva er KinnLes?

KinnLes er eit kommunalt leseløft i oppvekstsektoren, der målet er å inspirere barneskuleelevar til å lese meir. Fokuset har vore på all slags type lesing; høgtlesing, stillelesing, lesing av bøker, teikneseriar, oppskrifter og mykje anna både på engelsk, norsk og andre morsmål. KinnLes har blitt gjennomført i fleire år, og engasjementet har vore stort blant både elevar og lærarar.