Oppstartsmøte i Bremanger og Kinn beredskapsråd

Måndag 14. april heldt Bremanger og Kinn beredskapsråd sitt fyrste møte. Med deltakarar frå mellom anna nødetatar, kommuneleiing, frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv er målet å etablere eit tettare samarbeid for å styrke beredskapen i kommunane Bremanger og Kinn.

Beredskapsrådet skal vere eit forum der dei lokale beredskapsaktørane blir kjende med kvarandre slik at vi får betre oversikt over dei resursane vi har å spele på i handteringa av kriser.

Representantar frå Bremanger og Kinn kommune sit i ein hestesko i møtesal, medan dei ser på føredragshaldar på ei scene - Klikk for stort bileteOppstarsmøte i Bremanger og Kinn beredskapsråd Marcel Meijer

I dette fyrste møtet fekk vi besøk av assisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen som orienterte om kvifor totalforsvaret er så viktig i ei tid prega av tryggleikspolitisk uro og kva beredskapsrådet si rolle kan vere i eit totalforsvarsperspektiv. Etterpå vart det gjennomført ei diskusjonsøving der tema var kommunen si rolle i eit scenario med NATO-allierte under angrep. Gjennomgangen og øvinga viste at det viktigaste er at vi i ein krisesituasjon klarer å oppretthalde eit så normalt fungerande lokalsamfunn som mogleg.

Oppstartsmøtet markerer starten på eit meir strukturert samarbeid om beredskap lokalt. Rådet skal ha eit fast årleg møte, men kan møtast oftare ved behov. Til dømes for å koordinere bruken av resursar i ein krisesituasjon.