Oppdatert prosjektplan for oppgradering av Florø barneskole på agendaen til formannskapet neste veke

Planane for oppgraderinga av Florø barneskole og bygging av ny gymsal er no klare for politisk handsaming. Prosjektet legg opp til at elevane får betre undervisningslokale, nye møteplassar og gode rammer for læring og trivsel. Sjølv om planane er justerte undervegs, legg kommunen opp til ei omfattande fornying av skulen.

Sidan førre politiske handsaming har prosjektgruppa arbeidd vidare med å finne gode løysingar innanfor dei økonomiske rammene. Gjennom grundige vurderingar av bygga og behova til skulen er det gjort fleire endringar frå dei opphavlege planane.

Målet har vore å få mest mogleg kvalitet ut av investeringa, med gode og funksjonelle løysingar for både elevar og tilsette.

Betre klasserom og nye læringsareal

Både småskulen og storskulen skal få ei omfattande oppgradering.

På småskulen er det planlagt større klasserom, fleire grupperom og betre garderobeløysingar. Førsteklassingane får mellom anna meir plass til leik og læring i klasseromma. Det blir også etablert ein ny base for skulefritidsordninga (SFO), med direkte tilknyting til uteområdet i Eventyrskogen.

På storskulen blir undervisninga for 4.–7. trinn samla i hovudbygget, med eitt trinn i kvar etasje. Elevane får større klasserom med tilhøyrande grupperom, og det blir lagt til rette for undervisning i kunst, handverk, sløyd og tekstil.

Det er også planlagt ein ny felles møteplass i dagens gymsal, med amfi, skulekjøkken og område der elevane kan samlast.

Ny gymsal og leseslott i Prestegarden

Ein viktig del av prosjektet er bygginga av ein ny gymsal. Sjølv om gymsalen er noko mindre enn først planlagt, får han ei fullverdig basketballbane som kan delast i to aktivitetsflater. Det blir også etablert nye garderobar og lager.

Kommunen ønskjer i tillegg å ta i bruk Prestegarden som ein del av skuleområdet. Planen er å utvikle bygget til eit bibliotek og «leseslott», med rom for naturfag og utforskande læring.

Ved å bruke eksisterande bygg kan kommunen skape nye læringsarenaer utan å byggje like mykje nytt. Dette bidreg også til meir ombruk i prosjektet.

Ein god skule innanfor økonomiske rammer

Det har vore ulike syn på både prosessen og vala som er gjorde undervegs i prosjektet. Sjølv om ikkje alle ønska har fått plass i planane, er det lagt ned eit omfattande arbeid for å finne løysingar som gir elevane ein god og funksjonell skulekvardag.

Skulen har mellom anna peikt på utfordringar knytte til fellesareal, inngangsparti og enkelte spesialrom. Desse innspela er ein del av grunnlaget for den politiske handsaminga, og det er omtalt i saka kva auka kostnadsramme blir dersom tilleggsbehova vert tatt med i prosessen.

Gjennom samarbeid mellom ulike fagmiljø, skuleleiing, tilsette og prosjektgruppa er det gjort fleire justeringar for å utnytte eksisterande bygg betre. Målet har vore å prioritere gode undervisningsrom, funksjonelle løysingar og trygge rammer for læring og trivsel.

Kommunedirektøren vurderer at prosjektet samla sett vil gi Florø barneskole eit betydeleg løft, sjølv om det framleis er behov og ønske som ikkje blir fullt ut innfridde.

Føreslår ei samla ramme på 275 millionar kroner

Kommunedirektøren føreslår å auke prosjektramma frå 200 til 265 millionar kroner, i tillegg til ei eiga ramme på 10 millionar kroner for Prestegarden.

Auka kjem mellom anna av at fleire kostnadar ikkje vart reikna inn i det tidlegare overslaget, og at prisutviklinga no er teken med. Prosjektet er også venta å få om lag 31,5 millionar kroner i rentekompensasjon frå Husbanken og om lag 8 millionar kroner i spelemidlar.

Kommunedirektøren legg vekt på at prosjektet skal vere gjennomførbart innanfor kommunen sitt økonomiske handlingsrom.

Det er no opp til politikarane å ta stilling til prosjektplanen og den justerte økonomiske ramma, før prosjektet kan gå vidare til neste fase.

Sjå saksframlegget og vedlegga til saka i møteplanen vår.