Oppdatert informasjon om veterinærvakt i Kinn

Kinn kommune har fått ei avklaring når det gjeld veterinærvakta den næraste tida. Frå og med veke 6 er vekedagsvaktene på plass, og det vil vere full dekning på veterinærvakta i kvardagar fram til og med 2. mars. I veke 5 er det ikkje kapasitet til å dekke veterinærvakta onsdag og torsdag. Det er heller ikkje kapasitet til vakt i helga 31. januar–1. februar.

Kva som skjer etter 2. mars, blir avklara så snart anbodsfristen går ut 16. februar. Vi vil då gi ny og oppdatert informasjon.

Samtidig jobbar vaktkoordinatorane vidare med å informere kollegaer og sjå på moglegheiter som kan bidra til ei meir langsiktig løysing og auka bemanning av veterinærvakta.