Mange økonomisaker på agendaen
I møtet skal kommunestyret handsame mange ulike økonomisaker, mellom anna for dei kommunale føretaka og Kinn kommune. Dette inneber eventuell godkjenning av årsrekneskap og årsmelding og tertialrapporteringar.
Økonomiplan og handlingsprogram for 2027-2030
Kommunelova krev at økonomiplan og budsjett blir reviderte når økonomiske føresetnader endrar seg slik at budsjettbalansen ikkje lenger er oppfylt. Lågare forventa inntekter frå Havbruksfondet og høgare renteutgifter enn lagt til grunn i økonomiplanen 2026–2029 gjer derfor revisjon nødvendig.
Dei økonomiske rammene som no blir presenterte er førebelse og skal peike ut retninga for det vidare arbeidet fram mot hausten. Kommunen treng tid til å tilpasse seg dei nye økonomiske føresetnadene, samstundes som ein må vurdere konsekvensar for tenestekvalitet og sikre medverknad frå tillitsvalde.
Formannskapet har tidlegare lagt til grunn at reduserte inntekter frå havbruksfondet ikkje skal kompenserast gjennom auka eigedomsskatt. Kommunedirektøren legg derfor opp til vidare arbeid med å finne andre løysingar for å tilpasse økonomien.
Forskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder
Gruppeleiarutvalet vedtok tidlegare i vår om å legge framlegg til endring av forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune ut på offentleg høyring i perioden 08.05.2026 – 29.05.2026. Forskrifta er utarbeidd med heimel i kommunelova kapittel 8 og skal regulere folkevalde sine rettar til mellom anna godtgjersle, dekking av utgifter, tapt arbeidsforteneste, frikjøp, pensjon og velferdsordningar. I høyringsperioden kom det inn to skriftelege høyringsinnspel frå privatpersonar. Kommunestyret skal no handsame saka etter høyringsrunda er over.
Parkeringsordning i Måløy
Plan- og miljøutvalet har innstilt eit framlegg til vedtak til kommunestyret om parkeringsordning i Måløy. Saka skildrar fastsetting av rammer for område det kan krevjast avgiftsbasert parkering i Måløyområdet.
Utbyggingsavtale Gartnerihagen i Florø
Kommunestyret vedtok i 2021 at Kinn kommune kan nytte utbyggingsavtalar for å sikre gjennomføring av tiltak som følgjer av reguleringsplanar. For Gartnerihagen bustadområde er det krav om ein utbyggingsavtale mellom Kinn kommune og Gartnerihagen Florø AS før utbygginga kan gjennomførast. Avtalen har vore på offentleg høyring og blir no lagd fram for endeleg vedtak.
Avtalen omfattar mellom anna
- opprusting av Professor Gjelsvikveg aust for utbyggingsområdet.
- bygging av ny gang- og sykkelveg mellom Professor Gjelsvikveg og Vangsvegen.
- etablering av tursti til Storevatnet og opprusting av friområde.
- opparbeiding av opphalds- og badeplass ved «Lindesnes».
Direktesending frå kl. 9.00 - onsdag 9. juni