Offisiell opning av Gate 1 i Måløy laurdag 23. mai - med Hans Majestet Kongens Garde

Etter fleire år med omfattande arbeid står nye Gate 1 i Måløy no ferdig, og laurdag 23. mai vert det offisiell opning med både parade, minnesmarkering og konsert med Hans Majestet Kongens Garde. Opninga er eit samarbeid mellom Kinn kommune og Måløy Byforening.

Programmet startar kl. 12.30 med parade frå Spiralen, vidare opp Gate 2, ned til Glassmagasinet og til Verlo, før garden går gjennom Sjøgata til Torget.

Kl. 13.00 vert det offisiell opning på Torget ved varaordførar Frank Willy Djuvik. Det vert også minnesmarkering og konsert med garden.

Seinare på dagen, kl. 18.00, vert det Ola-drill med Hans Majestet Kongens Garde på Skavøypoll stadion.

Gate 1-prosjektet har vore eitt av dei største sentrumsprosjekta i Måløy dei siste åra. Arbeidet har omfatta ny steinlegging, oppgradering av VA-anlegg og kabelgrøfter, samt fleire tiltak for å gjere gata meir moderne og tilgjengeleg. No er prosjektet i sluttfasen, og sentrum får endeleg ta i bruk ei oppgradert Gate 1.