Offentleg ettersyn: Privat detaljregulering for Gaddholmen, hydrogenanlegg

Føremålet med reguleringa er å etablere eit hydrogenproduksjonsanlegg som skal produsere grønt hydrogen til bruk i maritim sektor, industri og transport. Målet er at anlegget vil medverke til å redusere klimagassutslepp og styrke lokal verdiskaping i Florø. Prosjektet er i tråd med nasjonale og regionale planar for berekraftig energiomstilling.

Plan og miljøutvalet har i sak.nr. 042/25 godkjent at framlegg til Privat detaljregulering for Gaddholmen, gbnr. 27/1249, Hydrogenanlegg, PlanID 20240007, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 5-2, § 12-10 og § 12-11.

Informasjonsmøte den 18. juni

Du er velkomen på informasjonsmøte den 18. juni, frå kl. 18.00 - 20.00, på Comfort Hotel Florø. Der vil planframlegget bli gjennomgått, og det vil vere mogleg å stille spørsmål.

Overordna arealplan og konsekvensutgreiing

Tiltaket er i tråd med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som legg stor vekt på nullutsleppsløysingar i maritim sektor og grøn næringsutvikling. Tiltaket er òg i tråd med kommunen sin temaplanen for klima, berekraft og naturmangfald, og i samsvar med kommuneplanen sin arealdel for Kinn kommune, og med framlegg til ny kommuneplan som var på 1. gongs offentleg høyring i 2023.

Tiltaket fell under oppfangskriteria i Forskrift om konsekvensutgreiing § 6 og vedlegg I, punkt 6 bokstav b), og det er utarbeidd konsekvensutgreiing i samsvar med forskrifta.

Planframlegget vert lagt ut i to alternativ:

  • Alternativ 1: Heile tomta vert regulert til industriføremål, noko som opnar for optimal arealutnytting og betre tilrettelegging for framtidig utviding. Dette inneber at den regulerte offentlege vegen i sør vert teken ut av denne detaljreguleringa og avslutta aust for planområdet.
  • Alternativ 2: Den offentlege vegen vert vidareført, i tråd med gjeldande reguleringsplan. Dette gir mindre fleksibilitet, men tek vare på dagens tilkomst til Rota.

Offentleg høyring og frist for innspel

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 12.06.2025 – 15.08.2025.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema som de finn på kommune si heimeside. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no, seinast 15.08.2025.

Planframlegget med relevante dokument