Kommuneplanen sin arealdel skal vise korleis vi kan bruke og utvikle areala i kommunen. Framlegget som no ligg føre til politisk handsaming, gir eit stort handlingsrom for utvikling dei komande åra.
Planen skal handsamast av plan- og miljøutvalet 1. september, og kommunestyret 17. september.
Plass til mellom 1 600–2 000 nye bustader
Bustadutvikling har vore høgt prioritert i arbeidet. Planframlegget gir ein samla reserve på mellom 1 600 – 2 000 nye bustader og bueiningar. Potensialet kan vere endå større dersom ein bygger tettare i sentrumsområda.
Planen legg mellom anna til rette for
- om lag 300 dekar nye bustadområde
- om lag 500 dekar arealreserve i eksisterande bustadområde
- inntil 190 nye bustader i område for spreidd utbygging
I fleire eksisterande bustadområde legg planen også til rette for at mindre tiltak kan byggast direkte etter kommuneplanen. Det kan gi enklare prosessar for dei som ønsker å bygge.
Nye areal for næringsutvikling
Næringsutvikling har også vore eit viktig mål. I Måløy er det sett av om lag 80 dekar nytt og framtidig næringsareal, med særleg vekt på sjøretta næring.
I Florelandet nord er det sett av om lag 370 dekar nytt og framtidig næringsareal på Rota og i Småsundet–Langholmsundet. I tillegg kjem om lag 340 dekar eksisterande næringsareal på Grønenga/Vågsåsen som endå ikkje er bygd ut.
Planen gir dermed rom for vidare næringsutvikling både nord og sør i kommunen. På Florelandet nord kan areala mellom anna gi grunnlag for nye prosjekt innan fornybar energi og sirkulære løysingar.
Moglegheiter for handel og havbruk
Planen opnar også for vidare utvikling av handel i Måløyområdet. Om lag 25 dekar er sett av til nye og framtidige forretningsområde rundt Deknepollen.
For havbruksnæringa er fleire eksisterande område justerte for å gi betre driftsvilkår. Planen inneheld også to nye eller framtidige område for akvakultur, ved Bleket og i Stavfjorden.
Eit oppdatert verktøy for utvikling
Arbeidet med arealdelen starta i 2020. Gjennom prosessen har kommunen fått ei stor mengd innspel frå innbyggarar, næringsliv og lag og organisasjonar. Planen har vore gjennom to offentlege høyringar, og motsegnene frå offentlege styresmakter er no avklarte.
Framlegget balanserer ønskja om utvikling med omsynet til mellom anna natur, klima, jordvern og tryggleik.
Dersom kommunestyret vedtek planen, får Kinn eit oppdatert og felles verktøy for arealbruk som skal gjere det meir føreseieleg å planlegge bustader, næringsverksemd og andre tiltak i åra framover.
Vi ønskjer å takke alle som har gitt innspel i høyringsprosessane og bidratt til at vi no har ein god plan som gir grunnlag for utvikling av kommunen vår.
Du kan finne alle saksdokumenta i møteplanen for plan- og miljøutvalet her.