Ny arealplan er vedtatt – karta blir oppdaterteLytt til tekstenStopp avspillingKommunestyret vedtok 17. september 2026 ny kommuneplan for areal i Kinn kommune. No jobbar vi med å rette og oppdatere plandokument og kart i tråd med vedtaket. Fram til dette arbeidet er ferdig, kan informasjonen i dei digitale karta våre vere utdatert.Ny kommuneplan for arealKommunestyret vedtok den nye kommuneplanen sin arealdel i sak 113/26. Før planen kan kunngjerast og publiserast, må vi gjere enkelte rettingar og oppdateringar i dokument og kart. Vi tek sikte på at den oppdaterte planen skal vere tilgjengeleg på nettsida og i kartløysinga vår i løpet av oktober månad.Skal du bygge eller gjennomføre andre tiltak?Fram til karta er oppdaterte, kan dei framleis vise eldre kommuneplanar eller mangle oppdatert informasjon. Du bør derfor ikkje legge karta til grunn åleine dersom du planlegg å bygge eller gjennomføre andre tiltak.Ta kontakt med byggesaksavdelinga dersom du treng hjelp til å finne ut kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din.Eldre reguleringsplanar blir opphevaKommunestyret vedtok i same møte å oppheve 184 eldre reguleringsplanar i nordre og søre del av kommunen vår. Vedtaket blei gjort i sak 114/26.No arbeider vi med å oppdatere planarkivet og dei digitale karta i tråd med vedtaket. Vi tek sikte på å kunngjere og varsle om opphevingane i løpet av november månad.Fram til oppdateringa er ferdig, kan reguleringsplanar som er vedtatt oppheva, framleis vere synlege i karta våre. Karta vil derfor ikkje nødvendigvis vise kva reguleringsplanar som faktisk gjeld.Skal du bygge eller gjennomføre andre tiltak, kan byggesaksavdelinga hjelpe deg med å avklare kva planar som gjeld for eigedomen din.Les kommunestyret sitt vedtak om oppheving av arealplanar herOversikt på oppheva arealplanar i Måløy (PDF, 304 kB)Oversikt på oppheva arealplanar i Florø (PDF, 117 kB)Vi oppdaterer nettsida og kartløysinga så snart arbeidet er ferdig. Publisert 01.10.2026 08.24 Sist endra 01.10.2026 08.24