No vert det dyrt å grave utan løyve

Frå i år kan entreprenørar og andre som utfører søknadspliktig arbeid utan løyve få eit straffegebyr.

Kommunestyret fastset kvart år gebyrlista for kommunen sine tenester. I gebyrlista for 2026 er det innført ei ny ordning: Dersom nokon startar gravearbeid utan godkjent løyve, kan kommunen krevje eit gebyr som er 2,5 gongar ordinært gebyr.

Målet er å sikre tryggleik, hindre skadar på kommunal infrastruktur og syte for at alt arbeid skjer i tråd med regelverket.

Du må søke før du startar arbeid

Ved arbeid på eller nær kommunal veg og eigedom i Kinn kommune må du søke løyve frå teknisk drift før arbeidet startar. Dette gjeld når du skal:

  • grave
  • sprenge
  • fjerne massar
  • hogge tre
  • gjere andre inngrep
  • bruke offentleg veg som riggområde

Søknadsplikta gjeld også dersom arbeidet skjer nærare enn fire meter frå kommunal veg, eigedom eller infrastruktur.

Ingen arbeid kan starte før du har fått godkjenning frå Kinn kommune.

Slik søkjer du

Du må sende søknad via Geomatikk.

Søknaden skal innehalde:

  • utfylt søknad
  • skiltplan
  • arbeidsvarslingsplan/arbeidsløyve for området

I nokre tilfelle vil det vere behov for synfaring og nærare avklaringar før løyve vert gitt.

Vi førar tilsyn

Kinn kommune forvaltar det kommunale vegnettet i heile kommunen. Det er difor viktig at kommunen har oversikt over alt arbeid som skjer på eller nær offentleg veg, eigedom og infrastruktur.

Dersom arbeid vert utført utan løyve, kan kommunen gjennomføre tilsyn, stanse arbeidet og gi straffegebyr i tråd med gebyrregulativet. Dersom arbeid førar til skade på kommunal veg, eigedom eller infrastruktur, kan kostnaden for utbetring bli kravd av ansvarleg søkar.

Det er normalt garanti på arbeid/graving på kommunal eigedom i minimum tre år.

Lovverk

Reglane følgjer av veglova § 57. Du kan lese lovteksten i fulltekst på lovdata.no.