No starter konkurransen om å få bygge den nye hovudbrannstasjonen i FlorøLytt til tekstenStopp avspillingI tråd med planlagt framdrift er snart alle entreprisane for bygging av den nye hovudbrannstasjonen i Florø ute i konkurranse. Kunngjerin av kven som får tildelt oppdraget er forventa tidleg februar 2026.Kinn kommune har i samarbeid med arkitektselskapet HLM og rådgjevarselskapet iVest Consult skissert og detaljprosjektert den nye brannstasjonen. Kommunen er særs nøgd med samarbeidet og har i saman med konsulentane og dei tilsette klart å utvikle et kostnadseffektivt bygg som også tek i vare funksjonelle krav for dei tilsette som skal drifte og nytte bygget.Vi er svært glad for at prosjektet no kjem i marknaden - både fordi ein er klar over at dette er eit svært etterlengta prosjekt blant entreprenørane, men også fordi at kommunen ventar skarp konkurranse og forhåpentlegvis gode prisar.Status på konkurransar knytt til brannstasjonen i FlorøKonkurranse 408215 - 25/12021 - Hovudbrannstasjon Florø – E1 Grunn og utenomhus har tilbodsfrist den 14.01.26Konkurranse 200408441 - 25/12022 - Hovudbrannstasjon Florø – E2 Betong, Stål og hulldekke har tilbodsfrist den 19.01.26Konkurranse 200408735 - 25/12023 - Hovudbrannstasjon Florø – E3 Bygningsmessig, arkitektfaget har tilbodsfrist den 23.01.26Konkurranse 200408509 - 25/12024 - Hovudbrannstasjon Florø – E4 Rørinstallasjon har tilbodsfrist den 20.01.26Entreprise E6 Ventilasjon vil bli utlyst innen kort tid. Publisert 16.12.2025 07.12 Sist endra 16.12.2025 07.12