No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjonLytt til tekstenStopp avspillingLotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.Gå til søknadssida her - søknadsfristen er 1. september 2026Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnadar. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist. For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. Du kan lese meir om dette på Lotteri- og stiftelsestilsynet si heimeside. Publisert 05.06.2026 11.35 Sist endra 05.06.2026 11.35