Namneforslag på høyring: Tømmervelta

Det er behov for namn på ny veg i nytt felt vest for Verpevika på sørsida av Brandsøyvegen. Namn er viktig, ikkje minst i forhold til tryggleik og utrykking.

Namnetenesta i Kinn foreslår Tømmervelta som namn, men vi tar sjølvsagt mot andre forslag. Vi tar også gjerne mot eventuell historie knytt til forslaget.

Kartutsnitt som viser område vest for Verpevika på sørsida av Brandsøyvegen som får namneforslaget Tømmervelta - Klikk for stort bileteNamneforslag - Tømmervelta

Namneforslaga skal ha historisk forankring i tråd med god namneskikk og bør vere grunngjevne. Namneforslag bør ikkje kunne forvekslast med allereie vedtekne namn, og skal godkjennast av Språkrådet før handsaming i oppvekst- og kulturutvalet som fattar vedtak i medhald av delegasjonsreglementet.

Innspel vert motteke med takk, og sendast via e-post til sander.odelien@kinn.kommune.no innan 13. mars 2026.