MS Skulebas kjem til Florø og inviterer til besøk!

Torsdag 24. og fredag 25. september får Florø storfint besøk når opplæringsfartøyet MS Skulebas frå Måløy vidaregåande skule legg til kai i byen. Frå torsdag kl. 19.00 inviterer dei innbyggarane til ope skip, ved kaia til Thon Senter.

Torsdag 24. september kjem skipet kl. 18.00, og frå kl. 19.00 inviterer Måløy vgs til ope skip for alle som er nysgjerrige på livet om bord og moglegheitene innan maritime fag. 

Fredag 25. september er det skulane sin tur. Då inviterer MS Skulebas ungdomsskulane på besøk frå kl. 9.00, og Florø vidaregåande skule frå kl. 9.45.

Møt elevar, lærarar og eit unikt skuletilbod

Under besøket kan du møte både elevar og lærarar, få omvising på det flotte opplæringsfartøyet og høyre meir om det mangfaldige skuletilbodet ved Måløy vidaregåande skule. Elevane deler erfaringar frå kvardagen sin, opplæringa dei får til sjøs – og kva moglegheiter som finst vidare innan utdanning og yrkesliv.

Ei oppleving for heile familien

Mannskapet om bord består i hovudsak av elevar på Vg1 Teknologi- og industrifag, som for første gong får delar av den praktiske opplæringa si på sjøen. Ope skip er gratis og ope for alle – anten du er elev, føresett eller berre nysgjerrig.

Kinn kommune ønskjer Måløy vgs hjarteleg velkomen til Florø, og oppmodar alle interesserte til å ta turen om bord!