Direktesending frå kl. 9.00
Orienteringar
Kommunestyret får orienteringar om følgande saker
- Audun Lysbakken, ny leiar i Vestnorsk Brusselkontor
- Kystmuseet ved Jan Heggheim
- Orientering om rekneskapen 2025, ved kommunalsjef Linda Nipen
Spørsmål/interpellasjonar
Jacob Nødseth (V) har sendt inn to spørsmål og ein interpellasjon til kommunestyret denne dagen.
Eitt av spørsmåla gjeld økonomi som barriere for deltaking i kultur og idrett. Mellom anna kva det kostar for barn og unge å delta på fritidsaktivitetar, kva strategiske grep Kinn kommune gjer for at fleire skal kunne ta del i kultur og idrett, og korleis ein kan jobbe målretta med å skape rom for fleire å delta på fellesskapsarenaer.
Det andre spørsmålet gjeld befolkningsutvikling. Nødseth peikar på ei nettsak publisert av Kinn kommune, som omtalar befolkningsutviklinga i Kinn for 2025, basert på tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I saka ber Nødseth om at ein innfører ein praksis med å informere kommunestyret om å legge fram slike tal for politikarane når dei ligg føre frå SSB.
Interpellasjonen rettar seg inn på om ordførar kan gi ei opplisting av strategiske viktige saker som politisk leiing har arbeidd med sidan hausten 2023.
Spørsmåla og interpellasjonen kan du sjå nærare på i møteplanen.
Forvaltningsrevisjon - forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg
Kontrollutvalet har behandla ein forvaltningsrevisjon om forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg i Kinn. Rapporten viser status for vedlikehaldsarbeidet og vurderer planar, rutinar, tilstandsvurderingar og rapportering. Kontrollutvalet rår til at kommunestyret tek rapporten til vitande og følgjer opp revisjonen sine tilrådingar.
Kvalitetsrapport - brukarundersøking i omsorgstenesta
Saka er ei orientering om funna som kom fram gjennom brukarundersøking i pleie- og omsorgstenestene hausten 2025. Funna er samla i ein vedlagt rapport, med funna, kort tolking, trendanalyse frå tidlegare undersøkingar, og samandrag og videre arbeid. Føremålet med brukarundersøkinga er å få systematisk kunnskap om brukarar sine erfaringar med omsorgstenestene i Kinn kommune og bruke dette i kontinuerleg kvalitetsutvikling.
Administrasjonslokaler i Florø
Førre veke behandla formannskapet saka, med følgande framlegg til vedtak i kommunestyret: “Kommunestyret godkjenner framforhandla 10-årsavtale om leige, med opsjon på kjøp, slik den ligg føre med 3 år oppseiingstid”.
Rådgjevande folkerøysting - endring av målform ved Skram skole
Kommunestyret skal handsame sak om rådgjevande folkerøysting om endring av målformen på Skram skole. Det ligg framlegg til vedtak om eit løp for korleis gjennomføre folkerøystinga. I saka vert det tilrådd å gjennomføre røystinga før sommaren, og at saka skal til handsaming i kommunestyret den 17. november 2026.