Måløy ferjekai, stenging august 2026Lytt til tekstenStopp avspillingVestland fylkeskommune startar arbeidet med å oppgradere Måløy ferjekai. Kaia treng naudsynt vedlikehald, og arbeidet startar 1. august 2026. Grunna arbeidet må ferjekaia stengast for biltrafikk 7.-21. august. Vestland fylkeskommune ber om forståing for stengingar og støyande arbeid, og gler seg til å opne ei betre ferjekai. 7.-21. august- Måløy ferjekai er stengt for biltrafikk grunna vedlikehaldsarbeid.- Det vil gå passasjerbåt til ferja sine rutetider frå Torgkaien i Måløy, Husevågøy og Oldeide i perioden. - Omkøyringsveg i perioden er rv. 15 og fv. 616/614, og ferjesambandet Stårheim-Isane- Det skal borast for nye peler i sjåen, eit arbeid som vil medføre ein del støy. Dette arbeidet skjer kl. 07-19. 1.-7. august- Arbeidet startar 1. august og vil medføre ein del støy, særleg fram til 7. august. - Arbeidet vil i hovudsak pågå kl. 07.00-22 på kvardagar, kl. 07-19 laurdag, og 07-16 søndag. - Tiltaka er godkjente av kommuneoverlege og politi. Følg med på Skyss.no og 175.no eller vegvesentrafikk-app for vidare informasjon. Publisert 21.07.2026 15.12 Sist endra 21.07.2026 15.12