Måling av isen i Måløy, Eikefjord og FlorøLytt til tekstenStopp avspillingBrann og redning har vore ute på Svartevatnet, Litlevatnet og Storevatnet i Florø og målt isen måndag 26. januar. I denne artikkelen finn du resultat av målinga. Den 28. januar har det også blitt gjort målingar på dei to vatna i Eikefjord. Den 30. januar vart isen i Måløy målt også.Storevatnet: 14 cm stålis (8 cm innanfor lenseområde - ikkje anbefalt å gå innanfor dette området)Litlevatnet: 18 cm stålisSvartevatnet 19 cm stålisEikefjord, ved stadion og mot Nesjane:Litlevatnet: 27 cmStorevatnet: 27 cmI Måløy: Poljavatnet og to vatn på AlmenningsfjelletIsen på alle vatna er 16 cm. Dei som ferdast på vatna gjer det på eigen risiko, og må sjølv ta strenge vurderingar om det er trygt. I denne saka opplyser vi om dei lågaste målingane som vart tatt, isen er noko tjukkare nærare midten. Du kan lese meir om råd for å ferdast på is på Varsom.no si heimeside. Publisert 26.01.2026 13.51 Sist endra 30.01.2026 14.09