Torvmyrane skule
Før starten av KinnLes vart Torvmyrane skule fylt med leseglede og fantasi. Skulen blei pynta med figurar frå kjende bøker, og rundt om på skulen var vindauga dekorerte med teikningar som inviterte elevane inn i eventyra si verd.
Klasseromma fekk nytt liv då dei blei pynta med hundrevis av boksider, noko som skapte ei heilt eiga stemning for lesing og fordjuping.
Leselyst med KinnLes på Torvmyrane skuleEin inspirerande kick-off for KinnLes var då leiinga dramatiserte eventyret om Rapunsel framfor heile skulen. Med stort engasjement, innleving og speleglede vart forteljinga levande, og dette skapte forventning, entusiasme og ekte leselyst hos elevane heilt frå start.
KinnLes på Torvmyrane skule viser kor viktig det er å skape gode opplevingar rundt bøker – og at leseglede smittar når vi deler ho saman.
Skarevik barnehage
Lesekrok småbarnsavdelinga i Skarevik barnehageTusenfryd-gruppa hadde adventskalender med bøker. Då var det pakka inn ei bok til kvar kvardag og barna fekk opne kvar sin gong. Den boka som var innpakka denne dagen vart lest til barna. Så hengte dei opp bilder av boka på vindauget på avdelinga. Det var ein kjekk aktivitet og barna likte godt å få vere med å pakke opp kvar sin gong. Dei har også laga til ein fin lesekrok for barna der bøkene er tilgjengeleg heile tida.
Sørstrand Maritime Fus barnehage
Eg (dagleg leiar) går gjennom barnehagen kl. 9.15. På denne runden observerer eg åtte ulike leseaktivitetar. Eg blir stolt.
I Sørstrand barnehage oser det av leseglede. Bøkene er levande i barnehagekvardagen vår og har vore ein naturleg del av både leik, ro og fellesskap. Det er alltid ei bok i bruk, og barna les både åleine og saman med ein vaksen på eit trygt fang.
For at leselysta skal bli ein naturleg del av kvardagen til barna, har vi lagt til rette for eit tett samarbeid med foreldra. Barnehagen skal i samarbeid med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og samstundes fremje læring gjennom gode leseopplevingar (Rammeplan 2017). Under KinnLes jobbar vi saman for å skape forståing for kor viktig det er å etablere gode lesevanar tidleg.
Difor har alle barna fått med seg kvar si LESEBINGO heim. Her finn ein ulike tips til leseaktivitetar, og ein kan setje kryss for aktivitetane ein gjennomfører saman. Barna tek med seg lesebingoen sin tilbake til barnehagen i slutten av februar, og det blir utdeling av lesediplom. Vi håpar dette kan bidra til gode lesemiljø, både heime og i barnehagen, og gi barna ei livslang glede ved bøker og lesing.
Brandsøy skule
Brandsøy skule har i år valt å dele inn vekene i KinnLes i ulike tema. Første veka hadde vi tema eventyr, då hadde førsteklasse fokus på eventyret om bukkane bruse og dramatiserte dette. Denne veka er det fokus på bildebøker, dei eldre elevane har ansvar for å lese for sine fadderbarn og vi skal ha bokkafe.