Det er komen inn om lag 220 innspel totalt; desse er frå privatpersonar, verksemder, organisasjonar/andre og offentlege instansar. Inkludert i desse innspela er også motsegn frå offentlege instansar.
Møte i plan- og miljøutvalet den 12.02.2026 er sett opp som arbeidsmøte for kommuneplanens arealdel, der utvalet skal starte med å sette seg inn i alle innkomne merknader. Som del av dette arbeidet vil det bli utarbeidd eit eige dokument med merknadshandsaming, der alle innspel og motsegner vert samanfatta/oppsummert, og gitt ei kommentar på korleis det einskilde innspelet vert handtert i kommuneplanen.
Kommunen sitt kart viser endringar frå 1. til 2. gongs høyring
Til arbeidet med merknadshandsaminga, er det også utarbeidd eit arbeidskart som er tilgjengeleg på kartsidene våre. Dette kartet viser kvar det er gjort endringar i plankartet frå 1. gongs offentlege høyring til 2. gongs offentlege høyring, og omtrentleg i kva område det er kome merknader og innspel frå privatpersonar, verksemder, organisasjonar/andre.
Kartet har ikkje interaktive funksjonar, men kan likevel gi eit bilde på auke i arealbruk, reduksjon i arealbruk og kvar det er størst usemje mellom plan og ønskjer. Kartet har fått arbeidsnamnet «Endringskart KPA 1. til 2..g.høyring».
Gå til kartsidene våre her
Brukarrettleiing for kartet finn du her (PDF, 2 MB).
Det kan vere verdt å merke seg at endringane i forslag til plankart frå 1. gongs høyring til 2. gongs høyring, i hovudsak er basert på følgjande:
- Redusert byggeareal er i all hovudsak gjort for å imøtekome motsegn frå offentlege instansar, mellom anna knytt til aktsemd skredfare, potensiale for kulturminne og nasjonalt jordvern.
- Auka byggeareal er i all hovudsak føreslått basert på innspel frå privatpersonar og verksemder ved 1. gongs høyring.
Administrasjonen har ikkje på eige initiativ føreslått endringar i plankartet, korkje å ta ting ut, eller å leggje til.
Om handsaming av innkomne merknadar
I samsvar med sakshandsamingsreglane for kommuneplanarbeid, vil ikkje kvar einskild innbyggar/innspelar få direkte tilbakemelding på sine innspel. Informasjon om handtering og vurdering vil kome fram i dokumentet med merknadshandsaming, når forslag til ny kommuneplan vert lagt fram for formell politisk handsaming (eige vedlegg til sakshandsaminga).
I det vidare arbeidet vil plan- og miljøutvalet ta stilling til korleis alle merknader og motsegner skal handsamast. For motsegn er det særskilde krav til handsamingsprosess, og det er gjennomført eit første dialogmøte med dei statlege motsegnsinstansane. Basert på dette møtet har Statsforvaltaren kome med oppsummering av motsegnspunkt, mogelege løysingar og si samordna uttale til siste høyringsforslag til ny arealdel til kommuneplanen.
Det er 2 alternative hovudløp for det vidare arbeidet med kommuneplanen sin arealdel
- Bearbeide motsegner og innspel med sikte på ny offentleg høyring. Dette alternativet vil kunne gi større rom for å innarbeide nye byggeområder, og der ein vil kunne meir tid på avklaring av motsegnspunkt. Nye byggeområder vil innebere utarbeiding av konsekvensutgreiing for desse, og evt. andre utgreiingar. Det vil då kunne vere mogeleg med 3. gongs offentleg høyring av kommuneplanen i løpet av 2026. Vedtak av kommuneplanens arealdel vil kunne vere mogeleg tidlegast i 2027. Til dette alternativet er det viktig å vere klar over av det vil vere svært begrensa, kva som er mogleg å få inn. Dette med utgangspunkt i kva vi no har fått inn av merknadar og motsegn frå statlege mynde.
- Bearbeide motsegner og innspel med sikte på slutthandsaming og vedtak av ny kommuneplanens arealdel. Dette alternativet vil vere avhengig av at alle motsegnspunkt vert løyst (dvs tatt ut av planen, eller at motsegnsmynde «gjer seg» på kravet), og at det ikkje vert innarbeidd nye tiltak/byggeområder som krev ny høyring. Ved rask avklaring av motsegnspunkt, vil det då kunne vere mogeleg med vedtak av kommuneplanen omkring sommaren 2026.