Landbruksposten - julehelsing frå landbruksavdelinga

Landbruksavdelinga har lagt eit spennande og interessant år bak seg, og med dette gjev dei ei lita oppdatering på kva som har skjedd i løpet av året. I skrivet orienterer dei mellom anna om nytt regelverk, veterinærsituasjonen og tilskotsordningar.

Les Landbruksposten 2025 her (PDF, 5 MB)

Opning av fjøset i Svardal

I vår vart det opna eit nytt fjøs i Svardal. Det er svært gledeleg at det framleis satsast på å investere i landbruk. Det blei ei flott opning i strålande vårsol og hyggeleg møte med gardbrukar, Innovasjon Norge og andre aktørar. Og sist men ikkje minst var det kjekt å kunne helse på dei flotte dyra. 

Ny fellingsrekord for hjort igjen!

Etter at fellingstala årleg har auka jamt sidan 2015 var det i 2022 ein mindre nedgong i talet felte hjort i kommunen. Fellingstala auka igjen i 2023 med i alt 1 082 felte hjort for så å auke vidare til 1147 felte hjort i 2024. Dette er det meste som nokon gong er felt i kommunen. Tildelinga har vore nokolunde lik dei siste åra og det gjer at fellingsprosenten og har auka dei siste åra og var i 2024 på 87 %. At fellingsprosenten aukar utan at tildelinga er auka skulle kanskje tilseie at det er vekst i bestanden og at fleire då klarar å nytte fellingskvoten sin. 

Du kan lese meir om oppsummering og resultat frå jakta i 2024 her (PDF, 391 kB).

Auka skogbruksaktivitet i kommunen

Det har lenge vore liten skogbruksaktivitet i kommunen og for 2024 var det innmålt berre 589 m3 tømmer for sal. Så langt i 2025 er det innmålt 4.300 m3 som må seiast å vere ein bra auke. Det er i all hovudsak gran som har vore avverka for sal. Tømmerprisane har vore auka ein del dei seinare åra og det er von om at hogstaktiviteten kan haldast oppe i åra framover. Det er mykje granplantingar som etter kvart tek til å bli hogstmogne.

For skogkulturarbeid som planting og rydding mv. har det og vore liten aktivitet lenge, noko som gjerne vert påverka av hogstaktiviteten. Det er difor von om at auka hogstaktivitet kan medføre auka skogkulturaktivitet i åra framover. 

Ny gjødselforskrift i 2025

Som de kanskje veit har det no kome ny gjødselforskrift. Dei største endringane her er at det no skal søkjast til Statsforvaltaren for å få utsatt spreiefristen. Hovudpoenget med den nye gjødselforskriften er å få ned mengda fosfor.

I tillegg er no spreiefristen frå 15. februar til 15. september på eng og anna grøde uten nedmolding, og 1 november med nedmolding. Det er ikkje krav til hausting/etablering av plantevekst etter siste spreiing. 

Fram til 2027 gjeld framleis spreiing fra 1. mars til 15. september, og det er krav til hausting/etablering av plantevekstar etter siste spreiing. 

Ekstra overgangsregel 2027 og 2028:

Dette gjeld kun for foretak som ikkje kan overhalde grensa 1. mars – 15. september ved forskriftens igangtredelse (1. februar 2025). Dei kan spreie gjødsel fram til 15. september utan nedmolding, og 1. november hvis nedmolding. Det er ikkje krav til hausting/etablering av plantevekst etter siste spreiing.

Les meir i landbruksposten

Du kan lese meir i landbruksposten som ligg øvst i artikkelen. Med dette ønskjer landbruksavdeling deg ei riktig god jul og godt nytt år!