Låg deltaking i brukarundersøking om pasientar si erfaring med legevaktaLytt til tekstenStopp avspillingI samarbeid med Nasjonalt kompetansenter for legevaktmedisin (NKLM) gjennomfører legevakta ei brukarundersøking om pasientar si erfaring med legevakttenesta. Lenke til undersøkinga er sendt ut på SMS til alle som har vore i kontakt med legevakta på 116117 - og lenka er trygg å bruke. Det er ikkje for seint å svare.Brukarundersøkinga har gått føre seg sidan 1. september og vil vare fram til 1. januar 2026. Fram til no har om lag 14 prosent av dei som har mottatt undersøkinga svart, og legevakta ønskjer å høyre frå fleire.Lenka som er sendt ut førar til eit spørjeskjema hos SurveyXact, og er trygg å bruke for deg som vil svare på brukarundersøkinga. Alle svar er anonyme. Målet er å få eit godt bilde av erfaringane til pasientar som har oppsøkt legevakta for å utvikle legevakttenesta til det betre. Publisert 04.12.2025 11.24 Sist endra 04.12.2025 11.24