Kven fortener Frivilligprisen Vestland 2026?

Nominer nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og vestlandssamfunnet. Frivilligprisen Vestland blir i år delt ut for femte gong. Prisen kan gå til ein person, ein organisasjon, ei gruppe eller ei foreining, og prispengane på 50 000 kr. skal brukast innan frivilligfeltet. Fristen er 1. september.

Skal inspirere og motivere

Den eller dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilde og til inspirasjon for andre. Prisen skal motivere, synleggjere og verdsetje den viktige frivilligheita. Prisen kan ikkje gå til ein offentleg aktør.

Prisen blir delt ut under frivilligkonferansen, som er del av Styrke i samspel-dagane i Bergen, laurdag 17. oktober.

Ein eigen jury med representantar frå samarbeidskomiteen for frivilligheit innstiller på vinnaren til prisen. I denne juryen møter representantar frå dei regionale frivillige paraply- og nettverksorganisasjonane. 

Frist for å nominere er 1. september

Les meir og nominer kandidatar hjå Vestland fylkeskommune si heimeside.