Kva rolle skal Florø lufthamn ha i framtida?

Flytilbodet står framfor store endringar dei neste tiåra. No inviterer kommunedirektøren formannskapet til å drøfte korleis Kinn kommune skal arbeide strategisk for å sikre eit godt flytilbod og utvikle Florø lufthamn for framtida. 

Bakgrunnen er usikkerheita som oppstod rundt staten sitt framlegg til nye flyruteanbod på kortbanenettet tidlegare i år. Sjølv om Stortinget stoppa endringane, synleggjorde prosessen kor raskt rammevilkåra for regionale flyruter kan endre seg.  

Kommunedirektøren har difor utarbeidd rapporten Luftfartsutfordringar i eit regionalt perspektiv (PDF, 3 MB). Rapporten ser særleg på framtida for flytilbodet og Florø lufthamn. 

Florø står i ei særstilling 

På kort sikt er det venta at flytilbodet i hovudsak vil halde fram som i dag. Etter 2030, og særleg etter 2035, er utviklinga meir usikker. Flytypen som i dag blir mykje brukt på kortbanenettet, Dash 8-100, nærmar seg slutten av levetida, samtidig som nye låg- og nullutsleppsfly framleis er under utvikling.  

Florø lufthamn har likevel nokre føremoner. Rullebana er lengre enn ved mange andre flyplassar på kortbanenettet, og lufthamna kan allereie ta imot større flytypar. Rapporten peikar også på at det kan vere aktuelt å vurdere mindre tiltak som kan opne for fly med rundt 70–80 passasjerar.  

Lufthamna har dessutan ei viktig rolle for mellom anna næringslivet, offshoreverksemda, redningstenesta og Forsvaret.  

Vil diskutere vegen vidare 

Rapporten løftar også fram fleire spørsmål som kommunen kan arbeide vidare med, mellom anna betre samanheng mellom fly, båt og buss, framtidig utvikling av lufthamna og om flyruta mellom Florø og Bergen bør bli ein del av den statlege FOT-ordninga.  

Når saka kjem til formannskapet torsdag 15. oktober, ber kommunedirektøren politikarane drøfte korleis Kinn kommune best kan vere rusta for framtidige prosessar om det regionale flytilbodet.