Kva gjer du ved mistanke om vald eller overgrep?

I år har vi revidert handlingsplan mot vald i nære relasjonar, og døypt han om til førebyggande plan mot vald og overgrep. Den reviderte planen har også ein plakat oversett til fleire språk, som kan nyttast om du mistenker nokon er utsett for vald eller overgrep.

Vi har alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Plakaten og planen hjelper med å peike på kva du skal sjå etter, og korleis avklare og handle dersom du har ein mistanke. Hugs også at å vere vitne til vald har like alvorleg effekt på barn som sjølv å bli utsett for vald.

Vi har fått hjelp av KURS KF til å omsette plakaten til fleire språk som til dømes

  • ukrainsk
  • somali
  • tigrinja
  • spansk
  • russisk
  • rumensk
  • polsk
  • pashto
  • lituaisk
  • arabisk

Gå til handlingsplanen og plakaten som ligg i Framsikt her.