Kulturskulen og kulturtenesta blir slått saman til ei tenesteLytt til tekstenStopp avspillingKommunedirektøren har tatt avgjerd om at kulturskulen og kulturtenesta blir slått saman til ei teneste. Den nye kulturtenesta blir lagt under kommunalsjef for samfunn kultur og miljø. Verknad for samanslåing er 01.01.2027.For dei tilsette på kulturskulen og i kulturtenesta blir kvardagen, for alle som jobbar med fag, på mykje den same måten som før. Gevinsten vil bli eit større kollegium med kulturtilsette i same teneste. Dette vil gi moglegheita for ei meir kraftfull kultursatsing innanfor dei økonomiske rammene som ligg i vedteken økonomiplan, kommuneplanen sin samfunnsdel og rammeplan for kulturskulen. Målet er at dette på sikt vil føre til større utviklingskraft og ei meir heilskapleg satsing på kultur i Kinn kommune. Samarbeid med profesjonelle og frivillige kulturaktørar vil vere viktig framover.Kultursjefstilling blir utlystDet blir no gjennomført ein prosess med tilsetting av ny kultursjef. Det vil bli ei ekstern utlysing.Tenestene og aktiviteten skal framleis vere lokalisert der dei er ei god stund framover. Publisert 02.07.2026 13.39 Sist endra 02.07.2026 13.42