Kulatoppen omsorgssenter innfører telefontid frå 5. mai

Frå 5. mai innfører Kulatoppen omsorgssenter telefontid frå kl. 12.30 - 13.30 og 16.30 - 17.30. Du kan ringe dei på hovudnummeret tlf. 57 84 56 00.

Når du ringer hovudnummeret får du to val i opningstida: 

  1. Kulatoppen institusjon
  2. Kulatoppen heildøgnsbemanna omsorgssenter

Avhengig av kva du veljer vil du få fleire tasteval for ulike avdelingar. Dei siste alternativa er vakttelefonar. Dette er ei løysing som blir evaluert og eventuelt korrigert 6 månadar etter oppstarten 5. mai.

Bakgrunn for telefontid

Føremålet er å gi bebuarane på Kulatoppen betre kvalitetstid med personalet, og hindre avbrot i pleie og behandling. Vi ønskjer at våre bebuarar skal til ei kvar tid oppleve å bli ivareteke på ein god måte utan forstyrringar.

Vi reduserer også fare for at beskjedar blir gløymd. 

Vi ringer om det oppstår noko akutt

I fall det oppstår noko akutt tar vi kontakt med pårørande så snart som mogleg.