Kristian Bøyum Ulvund er tilsett som assisterande kommuneoverlegeLytt til tekstenStopp avspillingKristian Bøyum Ulvund er tilsett som assisterande kommuneoverlege i Kinn kommune, og starta i jobben den 18. mai.Kristian er 35 år, spesialist i allmennmedisin og fastlege ved Legegruppa SMS i Florø. Kristian er under spesialisering i samfunnsmedisin. Han vil fortsette som legevaktsjef for Florø og Bremanger legevakt. I rolla som assisterande kommuneoverlege vil Kristian jobbe i tett dialog med kommuneoverlegen, og vere stadfortredar for kommuneoverlegen ved behov. Vi ønskjer Kristian velkomen og lukke til i stillinga! Publisert 20.05.2026 11.22 Sist endra 20.05.2026 11.44