Kontroll av landbruksareal på Kvalheim og VedvikLytt til tekstenStopp avspillingI juni gjennomfører vi kontroll av AR5-registreringar på Kvalheim og Vedvik. Kontrollen gjeld kvaliteten på registrert fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.Kommunen skal mellom anna undersøke om areal har blitt gjengrodde, bebygde eller om dei framleis skal registrerast som landbruksareal. Det vil òg bli vurdert kva type landbruksareal dei ulike områda skal klassifiserast som.AR5 er eit nasjonalt arealressurskart som gir oversikt over arealtypar og ressursgrunnlag i landbruket. Publisert 28.05.2026 11.37 Sist endra 28.05.2026 11.37