Kommunestyret sitt vedtak:
Lovlighetskontrollen vert ikkje teken til følge
- Kinn kommunestyre tek ikkje lovlegkontrollen av kommunestyret sitt vedtak i sak 26/073 «Reguleringsplan for Måsholmen og Håskjera» til følgje.
- Kinn kommunestyre stadfestar vedtaket av 19.05.2026 i sak 26/073.
- Saka vert sendt til Statsforvaltaren for endeleg handsaming av lovlegkontrollen, jf. kommunelova kapittel 27.
Grunngjeving
Kommunestyret viser til at lovlegkontrollen gjeld spørsmål om vedtaket i sak 26/073 har kome til på lovleg måte, særleg knytt til habilitet og deltaking i politisk gruppemøte i forkant av kommunestyret si handsaming.
Kommunestyret meiner det ikkje ligg føre rettsleg grunnlag for å oppheve vedtaket.
For det første legg kommunestyret til grunn at Florø Hamn KF er eit kommunalt føretak og dermed ein del av kommunen si eiga organisering. Styremedlemmer i kommunale føretak er ikkje omfatta av den automatiske inhabilitetsregelen i forvaltningslova § 6 første ledd bokstav e på same måte som styremedlemmer i sjølvstendige selskap. Rolla som styremedlem eller styreleiar i Florø Hamn KF kan derfor ikkje i seg sjølv føre til inhabilitet.
Kommunestyret viser vidare til at Florø Hamn KF ivaretek kommunen sine interesser etter mandat frå kommunestyret. Eventuelle interesser Florø Hamn KF har i saka, er difor kommunale interesser, ikkje personlege eller private interesser for den enkelte folkevalde. Det er ikkje påvist at representanten Vågene hadde personleg økonomisk vinning, personleg tap, privat fordel eller annan særskild personleg interesse i utfallet av reguleringssaka.
Kommunestyret meiner at forvaltningslova § 6 andre ledd må praktiserast med varsemd i saker der tilknytinga byggjer på verv i kommunen si eiga organisering. Dersom eit slikt kommunalt verv, kombinert med at kommunen har interesser i saka, i seg sjølv skal føre til inhabilitet, vil det kunne skape ein svært vidtrekkande regel for folkevalde som er valde til å ivareta kommunen sine interesser i kommunale råd, styre, utval og føretak. Kommunestyret meiner at dette ikkje kan vere rett forståing av habilitetsreglane.
Kommunestyret har merka seg at aksjonæravtalen mellom Florø Hamn KF og den private aksjonæren i Måsholmen Utvikling AS er trekt fram som eit mogleg «interessefellesskap». Kommunestyret meiner likevel ikkje at dette er tilstrekkeleg til å konstatere inhabilitet for styreleiar i Florø Hamn KF. Aksjonæravtalen gjeld oppfølging av kommunen sitt engasjement i prosjektet, slik kommunestyret tidlegare har lagt til rette for. Dette er framleis ei kommunal interesse, ikkje ei særskild personleg interesse for representanten.
For det andre viser kommunestyret til at Vågene ikkje deltok i kommunestyret si handsaming av sak 26/073 den 19.05.2026. Ho deltok ikkje i debatten, ho deltok ikkje i habilitetsvurderinga i møtet, og ho deltok ikkje i avstemminga. Kommunestyret meiner det skal mykje til før habiliteten til ein representant som ikkje deltok i det formelle vedtaksorganet, kan føre til at kommunestyret sitt vedtak må opphevast.
For det tredje meiner kommunestyret at eit internt politisk gruppemøte ikkje er eit folkevalt organ etter kommunelova. Slike møte er ein del av den politiske prosessen, der partia drøftar saker, avklarar standpunkt og førebur seg til møte i folkevalde organ. Kommunestyret meiner det vil vere uheldig om ordinære interne partimøte i ettertid vert behandla som formelle saksførebuande organ på ein måte som gjer at kommunestyrevedtak kan opphevast utan klare haldepunkt for ulovleg påverknad.
Kommunestyret kan ikkje sjå at det er dokumentert kva Vågene skal ha sagt i gruppemøtet, korleis drøftinga i Høgre si gruppe gjekk føre seg, eller at hennar deltaking faktisk påverka gruppa sitt standpunkt. Kommunestyret viser til at kvar kommunestyrerepresentant har eit sjølvstendig ansvar for si stemmegjeving i kommunestyret. At ei partigruppe har drøfta saka og kome fram til eit felles standpunkt før møtet, er i seg sjølv ikkje ein saksbehandlingsfeil.
Kommunestyret legg òg vekt på at Vågene tidlegare var funnen habil ved handsaming av same sak, og at ho i forkant av kommunestyremøtet tok opp spørsmålet om habilitet på nytt. Ho hadde meldt forfall til møtet 19.05.2026, og kommunestyret fekk derfor ikkje vurdert hennar habilitet i dette møtet. Kommunestyret meiner det ikkje er grunnlag for å leggje til grunn at ho har opptrått klanderverdig eller i strid med habilitetsreglane.
Når det gjeld forvaltningslova § 41, meiner kommunestyret at det uansett ikkje er påvist ein saksbehandlingsfeil som gir grunnlag for å setje vedtaket til side. Det ligg heller ikkje føre konkrete haldepunkt for at Vågene si deltaking i eit internt partigruppemøte kan ha verka inn på kommunestyret sitt vedtak. Ein rein hypotetisk moglegheit for politisk påverknad i eit internt partimøte kan ikkje vere tilstrekkeleg til å oppheve eit lovleg fatta kommunestyrevedtak, særleg når den aktuelle representanten ikkje deltok i kommunestyret si handsaming eller avstemming.
Kommunestyret viser vidare til at påstanden om mangelfull utgreiing etter forvaltningslova § 17 ikkje kan føre fram. Aksjonæravtalen var kjend og kunne vurderast ved kommunestyret si handsaming 19.05.2026. Kommunestyret hadde dermed høve til å ta stilling til dei opplysningane som var relevante for saka og habilitetsspørsmålet før vedtak vart fatta.
På denne bakgrunn meiner kommunestyret at vedtaket i sak 26/073 har lovleg innhald, er fatta av rett organ og har kome til på lovleg måte. Lovlegkontrollen vert difor ikkje teken til følgje, og kommunestyret stadfestar vedtaket.