Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Mekling om Bryggja

No er det bestemt at meklinga mellom oss og Stad kommune startar 19. november. Det er greitt at vi snart kan avslutte dette kapittelet. Kinn ville ikkje grensejusteringa, men den er der. Det er stor avstand mellom oss som partar. Om vi ikkje vert samde etter fylkesmannen si mekling, vert det ei eiga nemnd som fortel korleis vi skal gjere opp for grensejusteringa. Fylkesmannen kan ikkje avgjere noko i meklinga, kun legge til rette for at Kinn og Stad vert samde.

Byggesaksdagar 4. og 5. november

Direktoratet for byggkvalitet held nasjonale byggesaksdagar 4. og 5. november. I samband med det inviterer Kinn kommune byggebransjen til samling desse dagane. Då kan vi sitte saman og få informasjon frå sentralt hald, og etterpå drøfte det som kjem. Det vert fysisk samling både i Måløy og Florø. Vi inviterer verksemdene og håper dei stiller opp på desse to lokale byggesaksdagane

Kinn med fritidserklæring

I dag godkjende eg ei sak som i første omgang skal til ungdommens kommunestyre for uttale. Vi vil at Kinn skal bli ein kommune med fritidserklæring.

Det inneber at vi skal tilstrebe å gi alle barn og unge eit fritidstilbod. Vi har barnefattigdom i Kinn. I Statistisk sentralbyrå sine siste oversikter har kommunen 380 born i familiar med låg inntekt. Dei skal også ha eit tilbod. Vi skal gi dei det.

Ei eiga erklæring seier at det er eit mål at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale status, skal ha høve til å delta jamnleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre barn. I Kinn sine overordna planar seier vi at det skal vere godt å bu i kommunen – i alle av livet sine fasar. Då må vi i alle fall sørge for at vi klarar å fange opp dei som kan felle utanfor i ei av livet sine første fasar.

Vi må samarbeide med andre for å få til satsinga. Frivillige lag og organisasjonar vil spele ei sentral rolle. Det er i deira regi fritidsaktivitetane skjer. Det er der barna kan kjenne på å vere del av fellesskapen.

Eg håper og trur dei folkevalde organa i Kinn sluttar seg til at vi skal ha ei fritidserklæring.

Norsk kulturindeks – Kinn har potensiale

I dag kom Norsk kulturindeks med oppdatert oversikt. Kinn gjer det godt på frivilligheit, scenekunst og konsertar. Vi kan bli betre på andre felt innan kulturlivet. Av 356 kommunar vert vår plassering nr. 167. Vi har med andre ord noko å ta fatt i. Gloppen ligg som vanleg høgt og er inne blant topp ti. Du finn meir om denne indeksen på kulturindeks.no.

Gladmelding frå ungdomsarbeidet i Kinn

Emma Kristine Åsen, frå Haffenrådet, er valt inn i styret til Ungdom og Fritid Vestland. Ungdom og Fritid Vestland er eit fylkesledd under organisasjonen Ungdom og Fritid.

Organisasjonen jobbar for at alle ungdommar skal ha tilgang til fritidsklubbar, ungdomshus eller liknande opne møteplassar, som opplevast som relevant og bidrar til auka livskvalitet og meistring. Medverknad står sentralt. Vi er veldig glade for at vi har fått Emma Kristine inn i styret, som ein av seks personar. Dette er veldig positivt og viktig for ungdomsarbeidet i Kinn kommune.

Kinn bustadkontor har innvilga startlån for 70 millionar kroner i 2020

Saman med Husbanken har Kinn kommune gitt startlån verdt 70 millionar kroner i 2020. Vi søkte og fekk tildelt 50 millionar for i år. Vi tok også med oss 20 millionar frå 2019. I år er det såleis over 20 familiar som har fått hjelp til finansiering.

Husbanken pålegg oss å prioritere barnefamiliar ved tildeling av lån. Vi kan vi sjå det i samanheng med kva eg skreiv ovanfor om barnefattigdom i Kinn. Då er startlån ei viktig ordning for at familiar som treng hjelp, faktisk får det – og vert buande i Kinn.

Neste veke

Måndag er det siste arbeidsgruppemøte saman med Agenda Kaupang. Tysdag er det møte i politiske utval. Onsdag arbeider vi med budsjettframlegget. Torsdag er eg på møte i Bergen og fredag møter eg dei andre kommunedirektørane i Nordfjord.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør