Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bilde av ei flaggstang med Norge sitt flagg heist til toppen av flaggstangar. I bakgrunnen av flaggstanga ser ein solnedgangen.  - Klikk for stort bilete

 Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått. 

Gratulerer med dagen Florø!

I morgon fyller Florø 160 år. I 1858 vart det i statsråd satt ned ein kommisjon som skulle sjå på plasseringa av ein ladestad i ytre Sunnfjord. To år seinare, 16. mai 1860 skreiv kongen under dokumentet som gjorde Florø til by. Vi kjenner alle historia om gode og dårlege år med både fiske og industri. Om samanslåinga i 1964 med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til Flora kommune. Seinare og frå i år Kinn kommune.

Desse kommunesamanslåingane har ikkje påverka florøværingen sin måte å markere nettopp 16. mai som fødselsdag. Flagget vert heist og dei gode historiene kjem fram. I desse dagar vert det sikkert reflektert over sildefiske, lokalbåtar, flyplass, Ankerløkken, sjukehus, kystveg, Kinn og mykje meir. Fellesnemnaren for desse ulike tema er at dei fortel om kva vi har vore med på, og at dei har forma florøværingen. Det er slike ting som gir oss identitet. Den skal vi halde fram med å ha.

Det er lov å vise at vi er stolte over å vere den vi er. Eg hugsar ein gang seint på nittitalet. Førde var blitt by. Kolbjørn Dyrli var ordførar. Vi hadde starta eit samarbeid med Førde og det var truleg nokre kjeppar i hjulet som utfordra det litt. Kolbjørn sa; Det er forskjell på å bli by etter ein kongeleg resolusjon, og etter eit simpelt fleirtalsvedtak i eige kommunestyre. Dei siste 20-30 åra trur eg vi har funne ut at det er meir samarbeid som fører oss fram. I det samarbeidet tar vi med oss identiteten historia har gitt oss. Gratulerer med dagen!

Synfaring på Hendanes fyr

Ein delegasjon frå Kinn kommune var onsdag på synfaring på vegen til Hendanes fyr saman med Kystverket. Det pågår for tida anleggsarbeid for å rassikre og utbetre vegen. Prosjektet er eit spleiselag mellom Kystverket og Kinn kommune, og arbeidet blir utført av Norsk Bergsikring.

Ein fekk også sett på fyrhuset på Hendanes. Denne utbetringa gir store moglegheiter for vidare utvikling av fyret som turistdestinasjon.

Revidert nasjonalbudsjett

Tidlegare i veka kom regjeringa med framlegg om eit revidert nasjonalbudsjett. Kommunesektoren får det tøft. Det er mange uavklarte postar for kommunane. Forhold som skal bli avklara seinare og som gjeld tap av inntekter og auka kostnadar i samband med pandemien.

Vi veit det vil kome fleire pakkar seinare, men for kommunane er det avgjerande at det skjer før vi startar budsjettarbeidet etter sommarferien. Å gå inn i arbeidet med budsjettet for neste år, utan å vite kva vi kan budsjettere med frå staten, ser eg på som bortimot umogeleg. Vi kan ikkje anna enn å håpe at dette vil betre seg. Når det er sagt så vil vi rapportere om den økonomiske stoda og revidere eige budsjett i Kinn i siste møte før sommarferien.

Eige byggesakstilsyn og landbruksforvalting

I går tilrådde formannskapet overfor kommunestyret at Kinn opprettar eige byggesakstilsyn og eiga landbruksavdeling. Tidlegare har Flora vore del av eit samarbeid i Sunnfjord om byggesakstilsynet. Når det gjeld landbruk har vi sondert med andre, både i Sunnfjord og Nordfjord om eventuelt felles tenester. Det viser seg å vere lite grunnlag for det no. Landbruk handlar om viktige næringar som også gjeld skogbruk og hjorteforvaltinga i kommunen vår. No er det opp til kommunestyret å ta stilling til om vi skal løyse desse oppgåvene sjølve.

Gratulerer med dagen til alle i Kinn

Søndag feirer vi 17. mai. Normalt sett ville eg kanskje avslutte fredagsbrevet med ei kort helsing med ønskje om at alle får ein fin dag. Det håper eg sjølvsagt uansett. Men med tanke på dei siste månadane og kva vi har vore gjennom både som organisasjon og lokalsamfunn, veit vi at

nasjonaldagen denne gangen blir markert på ein, mildt sagt; tilpassa måte. Barnetog og sekkeløp, hornmusikk og høge kneløft, samling og talar er alle kjende aktivitetar denne dagen. I år må vi tilpasse det. Det er som om denne unntakstilstanden er med å prege alt vi held på med. Slik må det vel vere.

Eg håpar likevel mange følgjer med på det programmet som lokalavisene våre hjelper til med å formidle. Vi har gått inn i eit samarbeid med dei for at så mange som mogeleg skal kunne ta del i det vi kan få til å gjennomføre. Eg vil takke avisene for samarbeidet. Så håpar vi at virus og restriksjonar er borte vekk når vi skal markere nasjonaldagen neste år. Eg ønskjer alle i Kinn ein hyggeleg 17.mai!

God helg og 17. mai!

Terje Heggheim
Kommunedirektør