Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bileteKinn kommune

Kvar veke skriv Terje Heggheim om veka som har gått.

Opning av barnehagar og skular

Denne veka opna barnehagane att. Med mange nye krav til smittevern, med anna organisering av born og vaksne i små grupper, var det spanande å sjå korleis barnehagekvardagen skulle gå i hop. Med reduserte opningstider og dyktige tilsette har det gått bra. Det gode veret den siste veka gjorde også at dei kunne vere mykje ute, noko som gjorde situasjonen enklare. Styrarane i barnehagen legg ikkje skjul på at det har vore krevjande, men dei er ved godt mot.

Det vil fortsatt vere reduserte opningstider i barnehagen. Utdanningsdirektoratet har gjeve opning for dette, for at barnehagane skal klare å ivareta dei anbefalte smitteverntiltaka. På måndag opnar skule og SFO for 1.- 4.trinn. Denne veka har skulane jobba med å legge til rette for ein litt ny kvardag for elevar og vaksne, med skjerpa krav til hygiene og reinhald, og organisering av elevane i faste grupper både på skule og SFO.

Det er godt for barna og elevane å kome tilbake til barnehage og skule, og eg er viss på at dette kjem til å gå veldig bra. Lykke til med skulestart på måndag!

Nytt administrasjonsbygg i Florø – digitalt møte med tilsette

Onsdag 29. april kl. 09.00 presenterer vi kor vi ligg i prosessen med nytt administrasjonsbygg i Florø.

Om lag 180 tilsette vert kalla inn til digitalt møte om nytt administrasjonsbygg.

iVest Consult vil presentere skisseprosjektet. Dei tilsette kan melde inn spørsmål under møtet. Møtet vert også tatt opp og gjort tilgjengeleg i ettertid på www.kinn.kommunetv.no.

Dei tilsette vil også bli utfordra på å tenke nytt. Korleis skal vi t.d. skape ein ny og moderne arbeidsplass for å samarbeide betre med kvarandre?

Overgang frå heimekontor

I møte i beredskapsleiinga (BL) i dag vart det bestemt at vi går gradvis over til ordinær drift, også i administrasjonen. Kommunalsjefar og stabsleiarar har fått i oppgåve å legge ein plan for at dei kommunale kontora er bemanna frå og med måndag 11. mai.

Årsaka til at heimekontor framleis er tilrådd er først og fremst av omsyn til alle dei i sentrale strok som nyttar kollektive reisemåtar til og frå jobb. I tillegg har dei sentrale stroka og byane gjerne sirkulerande smitte. Det har ikkje vi. Vi vil sjølvsagt gjere dette slik at smittevernet vert tatt i vare på ein god måte. Det same gjeld tilsette som kan vere i risikogruppa. Vi skal ta naudsynte omsyn.

Dei kommunale publikumskontora vil framleis vere stengde, men etter kvart vil vi også legge ein plan for opning av dei. Då kjem vi med informasjon om det.

17. mai

Nasjonaldagen nærmar seg og den skal sjølvsagt markerast, sjølv om det blir ei annleis markering då vi må ta omsyn til dei nasjonale føringane som er kome i høve dei gjeldande smittevernstiltaka.

Kommunen ynskjer å ta initiativ til eit digitalt møte onsdag 29.04 klokka 19.00, med alle dei lokale 17. mai-komiteane, for å diskutere moglegheiter og dele idear for markeringa.

Kommunen håpar at leiarane av alle komiteane kan delta digitalt på dette møtet saman med folk frå administrasjonen og ordførar.

Kommuneoverlegen vil også delta slik at det vert mogleg å få informasjon direkte frå han på korleis vi saman kan gjennomføre ei god og trygg markering.

Informasjon om korleis ein får tilgang til det digitale møtet vert gjort tilgjengeleg på heimesida til kommunen.

Frå rådmann til kommunedirektør

Kommunestyret vedtok i går å endre stillingsnemninga mi frå rådmann til kommunedirektør. Heilt greitt! Vi følgjer staten sin politikk om kjønnsnøytrale titlar, og det er flott at dei går føre som eit godt døme. Difor vil eg heller ikkje klage til korkje fylkesmannen eller sivilombodsmannen.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør