Kommunedirektøren sitt framlegg til 2. tertialrapport 2026 med revidert budsjett og finansrapport

Vi jobbar med krevjande oppgåver. Innbyggjartalet går attende, også for 2 kvartal. Tala må sjåast i samanheng med nokre år med stor vekst, men er likevel tiltakande. Tertialrapporten viser at økonomistyringa er tilfredsstillande, men at vi på fleire område har økonomiske utfordringar med balanse. 

Gå til kommunedirektøren sitt framlegg til 2. tertialrapport her

Utfordring med balanse på fleire områder

Tertialrapporten viser god økonomistyring. Sjølv om avvika er mindre enn tidlegare, er avvika omfattande. Samstundes viser rapporten at vi har utfordringar med å drive bustadforvaltninga i balanse og finne ein ressursmodell der vi kjem ned på eit nivå med samanliknbare kommunar. Vi må også jobbe vidare med ressursfordeling innan dei store tenestene og finne betre løysingar for oppgåver som gjeld enkeltvedtak. Særleg innan institusjon og grunnskule er vi avhengig av dette for å handtere dei framtidige utfordringane.

Havbruksfondet

Handsaming av havbruksmeldinga i Stortinget gav ikkje avklaring på drifts- og rammevilkår for havbruksnæringa. Dette skaper usikkerheit om vilkåra til næringa. Mest truleg vil kommunane sine inntekter verte redusert.  

Justering av rente

Vi gjekk inn i året med ei forventing om reduserte renter, i alle fall kunne ein tolke Norges Bank sitt siste rentemøte før 2025 tok slutt. Forventingane har no snudd. Prisstiginga skuldast til dels innlandske forhold og varer frå utlandet blir dyrare. Situasjonen har gjort at korte renter i marknaden har trekt opp. Lange internasjonale renter viser også stigning. Vi må derfor sette av meir til renteutgifter enn i førre økonomiplan. 

Gode inntekter på kraftressursar

I tertialrapporten har vi auka inntekter frå sal av konsesjonskraft og utbytte frå kraftsektoren. Ein del av meirinntektene held vi att til dekning av auka kostnader til energi i bygga våre. Vi har også inngått avtale om forvaltning av konsesjonskrafta med eksternt selskap. 

Det vanskelege ligg føre oss

Vi budsjetter med stor auke i lånegjelda. Ved utgangen av 2025 hadde vi 3,4 mrd. i lånegjeld. Det vedtekne investeringsprogrammet til 2028 krev innsparingstiltak for å dekke inn auka finanskostnader. I perioden fram til 2028 skal vi fullføre investeringar i Albertatunet, Skram skole, brannstasjon i Florø, rehabilitering av Florø barneskole og Gate 1 i Måløy. I perioden 2022 til 2028 kjem vi nesten til å doble rente- og avdragskostnadane. I dei neste ti åra vil avløpsinvesteringane auke særskilt. Det vanskelege ligg føre oss.