Frå KS Konsulent var Hilde Reikrås og Sigrun Vik innleiarar for dagen. Dei sette rammene for arbeidet og gav deltakarane fagleg påfyll knytt til kommunal beredskap, leiing og styring i ei tid prega av aukande uro og uvisse. I tillegg bidrog Jon Even Myre og Øyvind Bang-Olsen med innlegg om lokal kriseleiing, med særleg vekt på kommunen sitt ansvar og handlingsrom når alvorlege hendingar råkar lokalsamfunnet.
Bakgrunnen for samlinga er ei tid med raske endringar og auka kompleksitet. Kommune-Noreg anno 2026 står i eit verdssamfunn under press, der kriser kjem løpande i ulike former. Klimaendringar, tryggleikspolitiske spenningar, krig og andre uforutsigbare hendingar stiller store krav til kommunane si evne til å førebu seg og handtere kriser.
Kvifor er dette viktig for oss?
For Kinn kommune handlar beredskap om å ha orden i eige hus. Kommunen har eit stort ansvar for innbyggjarane sine – også i situasjonar der normale rammer vert utfordra. God førebuing, tydelege strukturar og samspel mellom leiing, tilsette og tillitsvalde er avgjerande.
Dette inneber mellom anna:
- Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) og beredskapsplanar, som også inkluderer tryggleikspolitiske kriser og krig
- ROS-analysar på verksemdsnivå og lokale beredskapsplanar, tilpassa dei ulike tenestene
- Verksemdsstyring og internkontroll, som gir oversikt, ansvar og kvalitet
- Kriseleiing og kommunikasjonsplanar, som sikrar rask og tydeleg handtering når kriser oppstår
- Trening og øving, for å vere best mogleg førebudd
- God leiing og styring, som skaper tryggleik og retning
- Robuste tenester og eit godt arbeidsmiljø, som gjer organisasjonen i stand til å stå i krevjande situasjonar over tid
Samlinga i Florø kulturhus la til rette for felles forståing, refleksjon og dialog på tvers av roller og nivå i organisasjonen. Når kommuneleiing, tenesteleiarar, tillitsvalde og stab arbeider saman om beredskap, styrkar det Kinn kommune si evne til å møte ei meir usikker framtid – til beste for både tilsette og innbyggjarar.