Kinn på veg opp i fersk borgarundersøking

Den ferske borgarundersøkinga for 2026 viser at innbyggarane i Kinn jamt over er meir nøgde med kommunen enn for få år sidan. Samstundes peikar undersøkinga på fleire område der kommunen har eit forbetringspotensial.

Undersøkinga er gjennomført blant 1323 innbyggarar i perioden 24. februar til 11. mars, og gir eit breitt bilete av korleis folk opplever kommunen som stad å bu og leve.

Gå til borgarundersøkinga 2026 (PDF, 5 MB)

Betre omdøme og sterkare tilknyting

Eit av dei tydelegaste funna er at Kinn har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Omdømet til kommunen har auka, og fleire innbyggarar kjenner seg knytt til kommunen enn tidlegare.

Fleire seier også at dei vil anbefale Kinn som bustad, og fleire trur dei kjem til å bu i kommunen om fem år.

Samla kommunevurdering har gått opp til 65 poeng, noko som blir rekna som eit middels resultat – men likevel ein klar framgang frå tidlegare år.

Nokre lyspunkt i tenestene

Sjølv om det er variasjon mellom dei ulike tenestene, viser undersøkinga fleire positive utviklingstrekk. Innbyggarane gir samla sett stabile vurderingar av tenestene, og nokre område har hatt framgang dei siste åra.

Samla sett tyder dette på at fleire av dei sentrale tenestene kommunen leverer, blir opplevde som stabile eller er i positiv utvikling av innbyggarane.

Samstundes har vi utfordringar

Sjølv om mykje går rett veg, peikar undersøkinga på fleire utfordringar, som at

  • barnehagetilbodet har gått tydeleg ned frå tidlegare år 
  • tilrettelegging for næringsutvikling får svakare vurderingar 
  • moglegheita til å drive næring er redusert samanlikna med i fjor 
  • Sentrumsutvikling og servicetilbod

Dette kan vere særleg viktig, då næringsutvikling også påverkar kor attraktiv kommunen er å bu i.

Demokrati med signifikant auke

Resultata innan demokrati og medverknad har fått ein signifikant auke samanlikna med tidlegare år, og går i ein ønskja positiv retning. Dette gjeld generelt tilliten til politikarane, at dei lyttar og oppleving av innverknad.

Ulik oppleving mellom grupper

Undersøkinga viser også skilnader mellom innbyggarane:

  • Kvinner er meir nøgde enn menn 
  • Eldre er meir nøgde enn yngre  
  • Dei mellom 30 og 39 år er minst nøgde 

Tydeleg beskjed frå innbyggarane – vi er i positiv utvikling

Samla sett gir undersøkinga eit klart signal om at Kinn er i positiv utvikling, men må prioritere nokre område framover.

Undersøkinga på behov for å styrke:

  • næringsutvikling  
  • enkelte tenester
  • sentrum og servicetilbod

Samtidig bør kommunen ta vare på det som fungerer godt; som tryggleik, omdøme, tenestene våre. Forbedringar bør motivere oss til å jobbe videre med demokrati, openheit og servicetilbod.