Kinn nestbest i Åpenhetsbarometeret 2023, og best av kommunane i Vestland!

Bildet viser dokumentsenteret vårt: f.v. Irene Løken, Iris Gangeskar, Lisbeth Furenes Blålid, og arkivleiar Irene Sivertsen - Klikk for stort bileteDeler av gjengen på dokumentsenteret vårt: f.v. Irene Løken, Iris Gangeskar, Lisbeth Furenes Blålid, og arkivleiar Irene Sivertsen Kinn kommune

Vi missa på eitt innsynskrav på Åpenhetsbarometeret i fjor, som førte til 6 minuspoeng og ein 199. plass. Vi har sidan då jobba konsekvent med å utvikle og iverksette ei bunnsolid prosedyre. Det lønna seg, for i år kom vi på ein 2. plass, eit halvt poeng bak førsteplassen!

Sjå resultata frå Åpenhetsbarometeret her

Full score på postliste- og heimesidesjekk

Vi strøymar kommunestyret, formannskapet og andre politiske utval samtidig med at saksdokument blir publisert i fulltekst. Politisk sekretariat sørger for at møtebøkene blir tilgjengelege kort tid etter endt møte. Vi scorar fullt når det gjeld tidsspenn for tilgjengelegheit for dokument på postlista (23 månadar), og på tal verkedagar frå journalføring til publisering på postlista (2 verkedagar).

Dokumentsenteret utfører dagleg kvalitetssikring på saker og dokument, som resulterer i rask publisering. I tillegg scorar vi fullt når vi publiserar alle kommunale føretak i kommunen si postliste.

Skjerpa rutiner for innsynskrav

Når det kjem til innsynskrav er det dokumentsenteret som har ansvaret med å svare ut, og det er ved innkomne fagspørsmål vi har gjort dei store endringane. I desse tilfellene er vi avhengig av hjelp frå den enkelte sakshandsamar. Om vi ikkje har fått svar tredje dagen purrer vi på sakshandsamar slik at vi saman svarar ut innsynskravet. For det er nettopp i dette leddet vi ikkje har råd til å feile. Med revidert prosedyre har vi fått til eit betre og tettare samarbeid mellom saksbehandlarane og dokumentsenteret.

- Vi ser med dette at systematisk og kontinuerleg forbetringsarbeid har vore, og er, nøkkelen til suksess. No er det å fortsette den same praksisen, og jobbe for at Kinn kommune får eit like godt resultat ved neste undersøkelse, fortel arkivleiar Irene Sivertsen.