Kinn kommune trekt fram som døme på god koordinering av velferdstenester

Korleis kan kommunar bli betre til å samordne tenester for innbyggarar med samansette behov? Det var hovudtema då Kinn kommune deltok på eit nordisk seminar i regi av Nordens velferdssenter i København i november 2025.

I ein artikkel frå Nordens velferdssenter blir Kinn kommune løfta fram som eit godt døme på tverrsektorielt samarbeid. Vi har etablert ei eiga koordinerande eining og ein fast koordinator rundt brukarar som treng fleire tenester samtidig.

– Koordinatoren skal vere den som kjennar pasienten eller brukaren, seier Trude Gulbranson, leiar for strategi og samordning i Kinn kommune. Koordinatoren skal skape tryggleik. Dei andre aktørane rundt brukaren skal gjere sin del av tenestene, og har ansvar for å gjere koordinatoren sitt arbeid så lett som mogleg.

Modellen inneber at koordinatoren har ei nøkkelrolle i å skape tryggleik for brukaren og syte for at tenestene er tilpassa brukaren og heng i saman.

Erfaringane frå Kinn sin tenestemodell vart presentert saman med døme frå fleire andre nordiske land, som del av arbeidet med rapporten Complex welfare services in Nordic countries. Artikkelen peikar på at mange nordiske land står overfor like utfordringar – og at samarbeid, tillit og brukarperspektiv er avgjerande for å lukkast.