Kinn kommune møter Statsforvaltaren i meklingsmøte om kommuneplanen sin arealdel

Ein delegasjon frå Kinn kommune er i dag i meklingsmøte med Statsforvaltaren. Delegasjonen frå Kinn blir leia av Arlene Vågene, som er leiar av plan- og miljøutvalet. Elles stiller Bente Nygård og Kjell-Bjørn Refvik frå det politiske utvalet. Frå administrasjonen stiller Øyvind Bang-Olsen,  Janicke Svendal og Rolf Bjarne Sund.

Det er Statsforvalter Liv signe Navarsete som leier meklinga. Dei vi meklar med er, utanom Statsforvalteren, fylkeskommunen og Statens vegvesen.

Det blir mekla på 7 punkt. Mellom anna om Terøya skal nyttast til næring eller ikkje. Dei seks andre punkta gjeld større og mindre næringsareal, og område for bustader jamt fordelt i Måløy og Florø.

Resultatet frå meklinga vil bli presentert for plan- og miljøutvalet i eige møte den 28. april. Det vil vere kommunestyret som skal ta endeleg stilling til resultatet, i samband med handsaming av arealdelen.

Ei slik mekling er ein lovpålagd formell del av planarbeidet. Det er den siste formelle delen av arbeidet opp mot motsegn, før han går til slutthandsaming i kommunen, med kommunestyret som siste instans.

I plan- og miljøutvalet sitt møte den 24. mars, vart det behandla eiga sak om meklingsutval for perioden 2023-2027. Saka kan du lese i møteplanen vår. I same møte vart det avklart kva motsegnspunkt som skulle gå vidare til mekling, denne saka kan du lese her.