Kinn kommune gjennomfører vedtak ved parkeringsplassen på KråkenesLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune vil i ettermiddag iverksette pålegg om fjerning av steinar, sperringar, bommar og andre innretningar som utan løyve er plasserte innanfor eigedomsområdet til offentleg veg og tilhøyrande trafikkareal ved parkeringsplassen på Kråkenes.Kinn kommune er av den oppfatning at dei aktuelle steinane er plassert innanfor offentleg vegområde med tilhøyrande trafikkareal, og at dei medfører innskrenking av ferdsel, framkomst og nødvendig manøvrering på området. Dette skapar trafikkfarlege situasjonar og utgjer også ein trussel mot beredskap. Situasjonen er drøfta breitt internt med leiing og beredskapssjef i kommunen.Kommunen har over tid vore i drøftingar med grunneigarane på Kråkenes utan å kome til semje, og vi ser oss dessverre nøydd til å gå til det drastiske steget og få sperringane fysisk fjerna.Politiet er i beredskap om det blir naudsynt med deira bistand. Grunneigarane har klaga på vedtak. Det vert lagt opp til klagebehandling like etter sommaren. Det er ikkje innvilga utsett virkning.Tidlegare korrespondanse i sakaPålegg om fjerning av fysiske hinder innanfor offentleg vegområde, 18.06.2026 (PDF, 81 kB)Klage til Kinn kommune, 30.06.2026 (PDF, 410 kB)Avgjerd om iverksetting av vedtak i klagesak - forvaltningslova §42, 01.07.2026 (PDF, 97 kB) Publisert 02.07.2026 17.00 Sist endra 02.07.2026 14.18