Invitasjon til sørgegudsteneste i Florø kyrkje onsdag 2. september

I samband med H.M. Kong Harald V sitt dødsfall inviterer Soknepresten til sørgegudsteneste i Florø kyrkje onsdag 2. september kl. 18.00. Alle er velkomne.

Gudstenesta vil gje rom for sorg, ettertanke, bøn, musikk og lystenning. Ordførar og kommunedirektør har meldt at dei vil delta under gudstenesta.

Soknepresten har eit ønskje om å legge til rette for mangfald gjennom representasjon frå ulike samanhengar, mellom anna religion og livssyn, organisasjonstilknyting og kulturell bakgrunn.

Musikk v/ organistar, musikarar v/ Kinn kulturskule og kvintett frå Florø Hornmusikk.