Inspirasjonsdagar i Måløy 28. september–2. oktober

Velkomen til ei veke med aktivitetar, føredrag, musikk og møteplassar i Måløy. Kinn kommune, lag og organisasjonar inviterer til Inspirasjonsdagar i samband med Verdsdagen for psykisk helse, FN sin internasjonale eldredag og Totalforsvarsåret. Alle arrangementa vert lagt ut i Friskus aktivitetskalender.

Gjennom dagane kan du mellom anna delta på gågruppe og kor, høyre føredrag om kultur og sorg, besøke kunstutstilling og få tips om korleis du kan bu trygt heime og førebu deg på ei krise. Veka blir avslutta med internasjonal kafé på Havro.

Måndag 28. september

Kl. 12.00–13.30: Grytekoret

Stad: Ressurssenteret for demensråka

Grytekoret er eit kor som er ope for alle.

Tysdag 29. september

Kl. 12.00–14.00: Open kunstutstilling

Stad: Måløy kunst- og kulturlag, Gate 1 nr. 186

Ta turen innom open utstilling med kaffi og sveler.

Kl. 13.00: Frisklivsven Måløy

Oppmøte: Måløy stadion

Bli med på gågruppe. Frisklivsven Måløy har gågruppe kvar tysdag.

Kl. 13.00: Kva gjer kunst og kultur med liva våre?

Stad: Vågsøy folkebibliotek

Kva betyr kunst og kultur for oss – og kva rolle spelar dei for demokratiet? Margit Drivenes Kløvfjell, kunsthistorikar og fungerande kultursjef, held foredrag.

Kl. 14.00: Gjennom sorga

Stad: Vågsøy folkebibliotek

Erling Nydal, sokneprest, og Veronika Bruvik frå psykisk helse og rus i Kinn kommune held foredrag om sorg, medmenneskelegheit og håp. Begge er med i sorg- og kriseteamet i Kinn kommune.

Torsdag 1. oktober

Kl. 18.00–20.00: Eldredagen og Totalforsvarsåret

Stad: Havro, Gate 1 nr. 203

Kinn kommune inviterer til ein kveld med musikk, faglege innlegg og servering. Tema for kvelden er å bu trygt heime og korleis vi kan vere betre førebudde dersom noko uventa skjer.

Du får mellom anna møte:

  • Helge Johnsen og Ove Mjåtveit, som byr på «Viser og slikt» med song, gitar og kontrabass
  • kommunalsjef Rolf Bjarne Sund, med innlegg om bustadtilpassing og levande lokalsamfunn
  • beredskapsrådgjevar Jon Even Kvalheim Myre, med tips og enkle grep for eigenberedskap. 

Det blir også kaffi og kaker.

Helge Johnsen har røter frå Vågsøy og voks opp på Kråkenes fyr. Saman med kontrabassist Ove Mjåtveit framfører han lågmælte, akustiske viser med tekstar om mellom anna livet, kjærleiken og Vestlandet. 

Fredag 2. oktober

Kl. 11.30–13.30: BOWL – internasjonal kafé

Stad: Havro, Gate 1 nr. 203

BOWL-kaféen kjem til Måløy. Her blir det internasjonal mat og ein møteplass på tvers av kultur og bakgrunn. Denne gongen står mat frå Ukraina på menyen.

Kom innom og ta lunsjen på Havro.

Velkomen til Inspirasjonsdagane i Måløy – for påfyll, ny kunnskap og gode møte!