Gjennom dagane kan du mellom anna få med deg føredrag om kunst, kultur og sorg, markering av FN sin internasjonale eldredag, musikk, dans, gatetrim og BOWL-kafé. Arrangementa er opne for alle.
Onsdag 30. september
Kl. 11.00–12.30: Markering av Verdsdagen for psykisk helse
Stad: Florø vidaregåande skule
Det blir stand og markering av Verdsdagen for psykisk helse.
Kl. 13.00–15.00: Markering av Verdsdagen for psykisk helse
Stad: Thon senter, Florø
Besøk standen og få informasjon om Verdsdagen for psykisk helse.
Kl. 13.00: Kva gjer kunst og kultur med liva våre?
Stad: Florø folkebibliotek
Kva betyr kunst og kultur for oss – og kva rolle spelar dei for demokratiet? Margit Drivenes Kløvfjell, kunsthistorikar og fungerande kultursjef, held føredrag.
Kl. 14.00: Gjennom sorga - eit føredrag om medmenneskelegheit og håp
Stad: Florø folkebibliotek
Erling Nydal, sokneprest, og Veronika Bruvik frå psykisk helse og rus i Kinn kommune held foredrag om medmenneskelegheit, sorg og håp. Begge er med i sorg- og kriseteamet i Kinn kommune.
Torsdag 1. oktober
Kl. 11.00–13.30: Markering av FN sin internasjonale eldredag
Stad: Florø kulturhus
Tema for dagen er «Livskvalitet på resept» og bu trygt heime. Det blir faglege innlegg, musikk, stands og servering.
På programmet står mellom anna:
- velkomst ved ordførar Bengt Solheim-Olsen
- «Bu trygt heime – trygge, aktive og levande lokalsamfunn» ved Ralf Johannesen frå Florø pensjonistforbund
- «Livskvalitet på resept» ved Liv Janne Bell Jonstad frå Sunnfjord kommune
- Kinn kommune sitt arbeid med bustader i sentrum og bustadtilpassing, ved ergoterapeut Anita Valberg og kommunalsjef Rolf Bjarne Sund
- musikalske innslag med Sangglede og Eirik Molnes Husabø
- stands frå organisasjonar, bedrifter og Kinn kommune
- servering av rundstykke, kake og kaffi.
Kl. 11.15–12.15 blir det også stand på Florø ungdomsskule i samband med Verdsdagen for psykisk helse.
Dans på Havglytt
På kvelden blir det dans på Havglytt aktivitetssenter med Down Home Boys.
Fredag 2. oktober
Gatetrim med Evy Bjørnset
Kl. 8.00 - Start dagen med enkel trim i Strandgata. Du kan kome i dei kleda du har på deg – Evy Bjørnset syter for å få opp både energien og pulsen.
Kl. 11.30–13.30: BOWL-kafé
Stad: Kyrkjetorget, Markegata 28
Inspirasjonsdagane blir avslutta med BOWL-kafé – ein møteplass med mat og gode møte mellom menneske på tvers av alder og kultur.
Velkomen til tre dagar med påfyll, inspirasjon og gode møte i Florø!