Innskriving av 1. klassingar til skuleåret 2026 - 2027Lytt til tekstenStopp avspillingAlle skulepliktige barn skal innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule i tråd med opplæringslova § 2-6. Barna blir plassert etter folkeregistrert adresse.Alle som skal starte i 1. klasse hausten 2026 skal ha fått brev med tildeling av skuleplass.Brevet vart sendt ut 1. februar gjennom Altinn/Digipost.Føresette må logge seg inn i Kinn kommune sin «føresettportal» for å svare. Dette kan gjerast frå 2. februar.Svarfristen er 15. februar.Brev med endeleg tildeling av skuleplass blir sendt ut i slutten av februar. Ta kontakt med Mona Ødegård Standal, tlf. 41513865, e-post: mona.standal@kinn.kommune.no om du har spørsmål. Publisert 02.02.2026 09.47 Sist endra 02.02.2026 09.48