Informasjon om riving av sjukehuset i Florø sentrum

Miljøsanering Nord har fått oppdraget med å rive sjukehuset i Florø sentrum. Rivingsarbeidet starter i desember og varer ut januar.

Arbeidsdagar er måndag til laurdag, i tidsrommet 7.00 - 19.00 i vekedagar, og 7.00 - 18.00 på laurdagar. For å bevare julefreden vert det ikkje utført arbeid mellom 22. desember til 2. januar 2025.

Her kan du lese eit skriv frå Miljøsanering Nord om arbeidet som utførast:

Sikkerhet på og rundt byggeplassen

Frå starten av november til slutten av januar vil det pågå rive- og saneringsarbeid, med atterhald om uventa endringar som kan føre til forseinkingar. Vi tek juleferie frå 22.12.24 til 02.01.25 for å sikre julefreden.

I denne perioden blir det mykje maskinaktivitet på byggeplassen, inkludert gravemaskiner og lastebilar. Vi ber om forståing for støy og støv, og vi vil sette inn tiltak som vassprøyting for å redusere dette.

Ein byggeplass kan vere farleg, og vi ønskjer at alle skal kjenne seg trygge. Vi ber naboar om å informere barn om farane, og halde dei unna byggeplassen. Midlertidige sperringar er der for tryggleiken til alle, og vi takkar for at de respekterer desse. Om du ser område som kan tryggast betre, gje oss beskjed – vi ønskjer alltid å bli betre!

Vi har ansvar for å halde området ryddig, både for vår og dykkar del, slik at rivearbeida påverkar nabolaget minst mogleg. Har du spørsmål eller innspel? Ta gjerne kontakt med oss.

Befaring

Før rivearbeida startar, vil vi gjennomføre befaring av grunnmurar, kjellarveggar og liknande i nærliggande hus for å dokumentere tilstanden på førehand. Rystingar fører sjeldan til skadar, men i samarbeid med byggherren ønskjer vi å vere føre var.

Vi planlegg også å plassere måleutstyr på utvalde hus for å overvake rystingar og støy. For å montere utstyret må vi bore eit lite hol i ytterveggen, og vi set pris på dykkar forståing og samarbeid i denne prosessen.

Spesielt for dykk som bur i Hans Blomsgate

Under anleggsperioden blir gata enveiskøyrt i retning frå Torggata mot Markegata (taxisentralen). Vi beklagar eventuelle ulemper og takkar for tolmodet dykkar.

Kontaktinformasjon til entreprenøren

Kontakt anleggsleiar Hans Martin Nygård på tlf. 970 00 099, eller e-post hans.martin@mnas.no.